Sunnhordland Årbok

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnhordland Årbok er årboka til Sunnhordland Museum (tidl. Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag). Hausten 2009 kom 90. bandet av årboka. Den første årboka vart gjeve ut i 1914 - det har såleis vore nokre år då boka ikkje kom ut.

Som årbok for Sunnhordland Museum har boka inneheldt ei overvekt av artiklar skrivne av fagfolk. Den akademiske profilen er blitt styrka i dei seinaste åra, då også museet no står som eine utgjevar.

Som namnet seier har boka dekka heile Sunnhordland gjennom meir enn nitti år. Det er nok også den av dei lokale årbøkene som utan tvil har femna over eit vidast mogleg spekter av emne - frå dei tidlegaste tider til det me kan kalla minnestoff. Omfanget på årboka har variert opp gjennom åra, men har dei siste par tiåra vore på omlag 200-250 sider. Redaktør 1979-2006 var Tore Lande Moe, frå 2007-2012 var Knut Rage redaktør for årboka. Seinare utgåver har hatt skiftande redaktørar, alt etter tema. I tidlegare år var Kristofer Sydnes og Anstein Lohndal redaktørar i ei lang rekkje år, i tillegg til andre. Årboka har sidan 2012 fått nytt utstyr og har forlate det varierte innhaldet til fordel for bestemte tema, og blir gjeve ut i samarbeid med Kapabel forlag.

Kjelder og litteratur

Sunnhordland Årbok i fulltekst 1914-1940