Fitjar kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Fitjar»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fitjar
1222 Fitjar komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4615
Fylke Vestland
Kommunesenter Fitjar
Areal 134.46  km²
Areal land 134.46  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 3 181 (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Fitjar kommune ligg i Sunnhordland i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Kommunesenteret heter Fitjar. Fitjar vart skild ut som eigen kommune frå Stord 1. januar 1860, samstundes som det vart eige prestegjeld i 1862, og eige lensmannsdistrikt i 1866. Kommunen grensar i vest mot Bømlo kommune, i sør mot Stord kommune, i øst mot Tysnes kommune og i nord mot Austevoll kommune.

Historie

Namnet er fleirtal av norrønt fit, dvs. 'frodig grasmark', særleg ved vatn.

Busetjinga går langt tilbake i tid. Spor av hustufter og buplassar viser at det har budd folk i Fitjar sidan kort tid etter istida. Pollenanalysar tyder på at det vart dyrka korn i Fitjar for ca. 7000 år sidan. Både frå bronsealderen og jarnalderen er det gjort fleire rike funn.

Høvdingane i Fitjar, Fitjung-sonum, er nemnde i Håvamål. Det er fortald om Fitjar i Snorre sine kongesoger, då stormannsgarden Fitjar vart kongsgard etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike i Hafrsfjord. Sonen Håkon den gode vart drepen på Fitjar, i kamp med Eirikssønnene i 961. Fleire kongar har på ulik vis hatt tilknyting til garden. Garden var krongods i fleire hundre år, fram til den vart seld i 1665.

Fitjar kyrkje, som er ei langkyrkje i tre, vart bygd 1867. Framfor kyrkja står ei støtte til minne om Håkon den gode, laga av bilethoggaren Anne Grimdalen. Støtta vart avduka av kong Olav 5 i 1961.

Kommunen har ikkje godkjend våpen, det vert nemnd som kommunemerke av Riksarkivet. Motivet vart utforma av den lokale kunstnaren Magnus Hardeland i slutten av 1940-åra, og syner ein gullhjelm mot blå bakgrunn. Det viser til ei forteljing i Snorre, der det vert fortald at Håkon den Gode bar ein forgylt hjelm på hovudet i slaget på Fitjar 961.

Kjelder og litteratur

  • Simon Steinsbø: Fitjar bygdebok. Utg. Bygdeboknemnda, Fitjar kommune. 1986.

Eksterne lenkjer