Mållaget ved Stord lærarskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mållaget ved Stord lærarskule (Målvinarlaget) vart skipa 13. januar 1877 og skulle samla elevane på Stord seminar til arbeid for målsaka. Seminaret og mållaget vart for mange komande lærarar det fyrste møtet med målreisinga, og det fekk store verknader for spreiinga av målsaka utover bygdene på Vestlandet. Laget melde seg inn i Det norske Samlaget rett etter skipinga.

Til liks med dei andre seminara var det i byrjinga ein sterk motstand mot landsmålet og målsaka frå styraren og lærarane på seminaret. Dette endra seg etter kvart, og det endelege skiftet kom kring 1902 med nye målvenlege lærarkrefter. Den nye rektoren frå 1904, Peter Vogelius Bredal Deinboll, var meir målvenleg enn den gamle, og med Severin Eskeland som rektor frå 1917 fekk lærarskulen ein rektor som sjølv var aktiv målmann.

Janna Deinboll vart i 1894 den fyrste kvinna i styret for laget, den andre var Metta Urdahl i 1904. Deretter var det jamt kvinner i lagsstyret, og fyrste kvinnelege formann var Øllegård Joranger i 1908.

Laget var i kontinuerleg drift til langt opp på 1900-talet.

Styre

Formannen er nemnd fyrst, deretter rekneskapsførar og bokutlånar.

På den følgjande lista er formannen nemnd fyrst, deretter varaformann, rekneskapsførar og bokutlånar.

Kjelder

  • Hausberg, Sverre (red.). (1927). Minneskrift utgjeve i tilføre av 50 års-høgtidi åt mållaget ved Stord lærarskule. Stord.


Spraakskifte.png Mållaget ved Stord lærarskule er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.