Ludvig Bru
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ludvig Bru (fødd 14. juli 1875 i Strandebarm (Kvam herad), død 1921) var lærar og redaktør.
Etter eksamen frå Stord seminar i 1896 var han lærar i Kvinnherad og på Voss. Frå 1901 var han redaktør i avisa Hordaland på Voss.
Han var med i styret for Voss folkemuseum og nemnda for utarbeiding av bygdebok. I 1905 gav han ut Norske folkenamn med tydingar (nye utgåver 1913 og 1946), seinare kom Gardsnamn paa Voss (1906), Skularne i Voss (1914) og Vossevangen (1920). Særleg har skulesoga hans fått lovord.
Kjelder og litteratur
- Austbø, Johan: artikkel i Norsk allkunnebok band II. Oslo 1951.
- Ludvig Bru i Historisk befolkningsregister.
|