Rasmus Blikken
Rasmus Blikken (fødd i Skjåk 21. april 1872, død i Åsnes 4. april 1961) var lærar, småbrukar, organisasjonsmann og politikar. Det meste av sitt yrkes- og samfunnsliv verka han i Åsnes kommune i Solør, Toverud krins.
Bakgrunn, oppvekst og familie
Han var oppvaksen i Nørdre Blikka, den gongen husmannsplass under Bakke i grenda Reppen i Skjåk. Foreldra var Lars Torkjellsen Blikken (fødd 5. juni 1877) og Eldri Olsdotter Mallaug (fødd 1832). Faren var skomakar i tillegg til at dei dreiv plassen, slik det framgår av folketeljinga 1875. Rasmus var den yngste av fire sysken.
Rasmus Blikken gifta seg den 20. august 1902 med Petrine Marta (Petra) Bjørneset (fødd 23. juli 1871, død 4. april 1970). Ho var dotter til gardbrukarparet Anne Elisabet Mortensdotter og Ingebrigt Andreas Pedersen på Innafyrgarden-Henrikgarden av Bjørnaset i Kilsfjorden, nåverande Volda kommune. Rasmus og Petra vart kjende med kvarandre i Ålesund. Dei fekk fem born:
- Lidvard Blikken (fødd 1903), overrettssakførar
- Inge Agmar Blikken (fødd 1905), agronom
- Eldrid Blikken (1907-1927)
- Arne Egil Bjørneset Blikken (fødd 1910), heradssekretær i Sør-Odal
- Ragnhild Undis Blikken (1914-1992), kjend skeiselaupar
Yrkesgjerning og samfunnsengasjement
Rasmus Blikken tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1900. Han var fyrst lærar på Lesja i to år, før han søkte og fekk lærarstilling i Åsnes kommune, fyrst på Finnskogen, frå 1909 ved Toverud skule på Flisa, der han vart verande til han gjekk av med pensjon. Familien budde på lærargarden Nordre Toverud, som dei fekk kjøpt av kommunen i 1943. Blikken var medlem av Avgangsprøvekomiteen i 20 år, derav 16 år som leiar. Han var også formann i lærarlaget (i Åsnes?). Også utanom det yrkesfaglege var Blikken sterkt samfunnsengasjert. Politisk var han venstremann, og formann i Åsnes venstrelag. Han stod likeins i spissen for Åsnes småbrukarlag og Åsnes kooperative handelslag. Som samvirkemann var han også styremedlem i Hedmark kooperative distriktsforeining i 16 år.
Kjelder og litteratur
- Rasmus Blikken i Historisk befolkningsregister.
- Rasmus Larsen i folketelling 1875 for Skjåk fra Digitalarkivet
- Rasmus Blikken i folketelling 1900 for Lesja fra Digitalarkivet
- Rasmus Larsen Blikken i folketelling 1910 for Åsnes fra Digitalarkivet
- Kjelland, Arnfinn m.fl.: Busetnadssoga for Volda. Band 2 Folkestad-Kilsfjorden-Bjørkedalen. Volda kommune 2006. (Side 313)
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Åsnesboka. Bd. II. Åsnes kommune 1956. (Side 321)