Undis Blikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Undis Blikken i aksjon under det uoffisielle verdsmeisterskapet på Frogner stadion i Oslo i 1934.
Foto: Ukjent, henta frå Norsk Årsrevy 1934.

Ragnhild Undis Blikken (fødd i Åsnes 7. mai 1914, død i Oslo 22. januar 1992) var idrettsstjerne, kristeleg ungdomsarbeidar, politikar og mellom anna informasjonsmedarbeidar i Oslo kommune. Ho var ein idrettsutøvar i verdsklasse, og ein modig pioner for kvinneidrett i fleire greiner. Fyrst og fremst vart ho kjend som skeiselaupar i 1930-åra, mellom anna med tre noregsmeisterskap og eit verdsmeisterskap på merittlista.

Familie, oppvekst og utdanning

Ho var fødd og oppvaksen på småbruket Nordre Toverud i Åsnes i Solør. Foreldra var lærar Rasmus Blikken (1872-1961) og Petra (Petrine Marta) fødd Bjørnaset (1871-1970). Faren kom frå ein husmannsplass i Skjåk i Gudbrandsdalen, mora var oppvaksen på ein gard i nærleiken av Volda. Undis var den yngste av fem sysken. Ho var ugift.

Skulegangen ut over folkeskulen er dårleg belyst i gjennomgådde kjelder. I ein notis i Aftenposten 1962 står det at ho hadde handelsskule og artium.

Samfunnsengasjement og yrkeskarriere

Undis Blikken var personleg sterkt kristeleg engasjert. I nokre år like etter krigen reiste ho omkring i heile landet som predikant og ungdomsarbeidar for indremisjonen.

På byrjinga av 1950-talet var ho tilsett i Reisetrafikkforeningen for Oslo og Omegn, deretter styrar for Reiseopplysningskontoret. I 1962 vart ho av Oslo formannskap tilsett som leiar for det da nyskipa Veilednings- og opplysningskontoret i Oslo Rådhus.

Blikken var politisk engasjert i Venstre, og representerte partiet i Oslo bystyre. Ho stilte også til stortingsval, på Venstres liste for Hedmark i 1945 og for Oslo 1957 og 1961. Ho nådde ikkje fram til stortingsplass ved noko av vala.

Idrettsprestasjonane

Undis Blikken er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2014)

Som skeiselaupar vann Undis Blikken tre noregsmeisterskap (1934, 1936 og 1938). Ho var vinnar i det uoffisielle verdsmeisterskapet på Frogner i Oslo 1934, der ho sette verdsrekord på 1500-meter. Ho representerte Åsnes idrettslag 1929/30-1932/33 og Oslo skøytekubb 1933/34-1945/46.

Blikken og to andre kvinner fra Oslo skøyteklubb – Synnøve Lie og Laila Schou Nilsen – har mykje av æra for at lengdeløp fekk gjennombrot også som kvinneidrett.

Dei personlege rekordane til Undis Blikken i skeiselaup var:

  • 500 m – 48,2
  • 1000 m – 1.44,4
  • 1500 m – 2.39,1
  • 3000 m – 5.54,7
  • 5000 m – 9.53,1

Undis Blikken ho tok også premiar i skihopping og sykling, og var også i desse sportsgreinene å rekne som ei foregangskvinne for kvinneidretten.

Kjelder og litteratur