Anders Aarebrot
Hopp til navigering
Hopp til søk
Anders Aarebrot (fødd 10. mai 1895 i Tysnes kommune, død 21. mars 1976) var lærar.
Han var son av lærar Anders Henriksen Aarebrot og Herborg. Aarebrot tok eksamen ved Stord lærarskule 1917, Statens teiknekurs (tre månader) 1921, Voss millomskule 1921 og tyskartium i Skien 1925.
Anders Aarebrot var lærar ved Høyvåg og Vestre Moland framhaldsskule 1917-19, Voss framhaldsskule 1919-24, Vestmar Folkehøgskule i Drangedal 1924-30 før han i 1930 vart tilsett ved Vågård skole, Ådal i dåverande Norderhov kommune.
Han gifte seg i 1923 med handarbeidslærerinna Margit Elise f. Skram, dotter av lærar Joh. Fr. Skram og Karen f. Bodahl. I 1934 hadde ekteparet Aarebrot ein son og ei dotter. Sonen Arnulv Aarebrot (1925-95) vart òg lærar.
Kjelder og litteratur
- Arkivportalen: «Arnulv Aarebrot»
- Anders Aarebrot i folketeljinga 1900 for Tysnes herred frå Digitalarkivet
- Anders Aarebrot i folketeljinga 1910 for Tysnes herred frå Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Anders Aarebrot i Historisk befolkningsregister.