Vestmar Folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.
Foto: Ukjend fotograf.

Vestmar Folkehøgskule vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark.

Historikk

Vestmar Folkehøgskole på postkort.
Foto: Ukjend fotograf.

Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkehøgskule, var i 1881/1882. Den vinteren hadde Viggo Ullmann vitja bygda og heldt høgskule på garden Fosstveit. Med seg som lærarar hadde han Oddmund Vik og Nils Skaar. Det var m.a. desse som seinare slo ring om Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.

Vestmar Folkehøgskule vart starta av Jens Dagestad hausten 1909. Ein hadde lenge snakka om å starte ein folkehøgskule i dei ytre bygdene i Telemark, og våren 1909 gav fylkestinget tilskot til ein slik skule. Skulen fekk statsstøtte frå fyrste året, i tillegg til støtte frå Drangedal kommune. 4. oktober tok skulen til i ungdomshuset Vonheim i Drangedal.

I byrjinga flytta skulen mellom ymse bygder i Nedre Telemark, og hadde ikkje nokon fast tilhaldsstad. HAn var i Bamble i to år, i Eidanger eitt år, i Sannidal eitt år, og deretter i Langesund eitt år. Snart kom kravet om at skulen måtte finne ein fast plass slik at ein lettare kunne bygge han opp med høveleg utstyr og god kompetanse. Våren 1915 kjøpte Jens Dagestad ei tomt av Nesland i ytre Drangedal. Sumaren same året vart det bygd ein skuleheim som fekk namnet Solhaug.

I 1917 selde Dagestad skuleheimen til kommunen. Då tok Andreas Ystad over som styrar av skulen. Dei fyrste åra leigde han frå kommunen, men dei måtte selje eigedomen i 1931, vart det Ystad som kjøpte denne.

Frå 1930 fanst det to liner på skulen; "ei bokleg og ei praktisk arbeidsline". For å skaffe arbeidsrom til handarbeid, vart det bygd sløydbygning attmed skuleheimen. Seinare vart det også bygd ei smie.

Vestmar Folkehøgskule vart nedlagt i 1958. Dei to siste åra vart han driven som spesialskule. Bygget brann ned i 1958 og vart aldri bygd opp att.

Arkiv

Delar av arkivet etter Vestmar Folkehøgskule er ordna av Drangedal historielag.

Kjelder

  • Holdhus, Olav M., Bjarne Berre, Noregs høgskulelærarlag, Den Norske folkehøgskulen 1864-1939 : 75 års-minne, 1939. Lenke til digital utgåve på bokhylla.