Andreas Ystad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Andreas Ystad (fødd 1879, død 1972) var norsk lærar, folkehøgskulestyrar, målmann og lokalhistorikar.

Liv og virke

Andreas Ystad blei fødd på garden Ystad på Røra i Inderøy kommune. Han utdanna seg til lærar ved Levanger lærarskule. Sidan arbeidde han som lærar og folkehøgskolelærar fleire stader i landet.

Saman med Nils Sivertsen kjøpte han og dreiv Skogn folkehøgskole eit par år. I 1918 kjøpte han Vestmar folkehøgskule i Drangedal i Telemark, og dreiv denne fram til han gjekk av med pensjon i 1948.

Andreas Ystad var med på stiftinga av Noregs Mållag. Han var aktiv målmann og leverte m.a. ord til seddelarkivet for ordboka. I 1902 tok han initiativet til stiftinga av Inderøy bygemuseum. Han fekk stipend fra Universitetet i Oslo til innsamling av folkeminne fra Inderøy i 1914 og 1915.

Som pensjonist skreiv han store delar av bygdeboka for Inderøy.

Arkiv

Det er ordna eit arkiv etter Andreas Ystad ved Riksarkivet. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder