Jens Dagestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Dagestad (fødd på Voss 29. desember 1880, død i Kragerø 14. november 1960) var lærar, folkehøgskulemann og forfattar. Han kan med rette kallast ein gründer og ein tiltaksmann innan folkehøgskulerørsla. Dagestad arbeidde ved ikkje mindre enn fem forskjellige folkehøgskular og ein fylkesskule i tre ulike landsdelar. Tre av folkehøgskulane hadde han grunnlagt sjølv. Dei fleste av sine yrkesaktive år hadde han likevel innan den offentlege grunnskulen (folkeskulen).

Foreldra var Knut Torsteinson Dagestad og Olina fødd Rivestad. Dei var gardbrukarar på Voss. Jens Dagestad var gift med Gunda fødd Dolholt, dotter av Tor Dolholt og Anna Møgedal, også dei gardbrukarar. Jens og Gunda Dagestad fekk fire born.

Jens Dagestad gjekk på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord vinteren 1898-1899. I 1901 vart han uteksaminert frå Notodden lærarskule. Han tok middelskuleeksamen i Bergen i 1906. I 1912 og 1913 var han på stipendreiser i Danmark. Dagestad las også til artium, der han gjennomførte den skriftlege delen av eksamen på engelsklinja i Oslo 1928.

Fyrste stillinga si som lærar hadde Dagestad på Voss (Gullfjerdingen) 1901-1906. Samstundes var han timelærar på folkehøgskulen der i bygda. 1906-1907 var han ved Agder folkehøgskule i Grimstad, og 1907-1909 ved Setesdal amtsskule i Evje og Hornnes.

Den fyrste av folkehøgskulane han sjølv grunnla og styrde, var VestmarNeslandsvatn i Drangedal i 1909. Han dreiv denne til 1917, da han søkte og fekk stillinga som skuleinspektør i Brandval (nå i Kongsvinger kommune). Der var han i fire år, og i den tida starta han også Vinger folkehøgskule. Folkehøgskuleverksemda heldt han fram med i NesRomerike, der han også skipa og leia ein slik skule på Årnes 1921-1923. Frå 1923 var han lærar på Rjukan, der han også var medlem i skulestyret. Dagestad var politisk aktiv i Venstre.

Han vart skuleinspektør i Langesund frå 1943, og flytta seinare til Kragerø, der han levde resten av livet.

Dagestad har gjeve ut samleverket Den frilyndte ungdomen i ni band (1917-1928), eit hefte om David Lloyd George (1924), Norsk soge etter 1800 og lærebøker i fleire fag for folkeskulen.


Kjelder og litteratur