Skulehistorie i Hornindal
Skulehistorie i Hornindal skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Hornindal kommune si skulehistorie.
I 1963 skulle ny sentralskule opne på Kirkhorn i Hornindal, og alle dei tidlegare skulekrinsane i Hornindal vart lagde ned. Men grunna endringar i kommunestrukturen i Nordfjord vart sentralskuleplanane i Hornindal forseinka, og sentralskulen på Kirkhorn opna i 1974. Frå 1963 til 1974 gjekk småskulen på Lødemel skule (2) og storskulen på Kirkhorn skule (3).
I 1965 gjekk området vestover frå og med Navelsaker og Holmøyvik, inkludert Heggjabygda, frå Hornindal til Eid kommune.
Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
Oversikt over skulekrinsar
1891 | 1896 | 1964 |
---|---|---|
Kirkhorn | Kirkhorn | Kirhorn |
Lødemel | Lødemel | - |
Heggjebygda | Heggjebygda | (Til Eid) |
Kjøs | Kjøs | - |
Sydstranden | Sydstranden | (Til Eid) |
Rygg | Rygg | - |
Haugen | Haugen | - |
Navelsaker | Navelsaker | (Til Eid) |
Støversten | Støversten | - |
Krinsskipnad 1959 | Skuledeling | Elevtal |
---|---|---|
Haugen krins | 2-delt | 14 |
Heggjabygda krins | 2-delt | 26 |
Kirkhorn krins | 3-delt | 50 |
Kjøs krins | 2-delt | 14 |
Lødemel krins | 3-delt | 43 |
Navelsaker/Otterdal krins | udelt | 8 |
Rygg krins | 2-delt | 18 |
Sudstranda krins | 2-delt | 21 |
Skulekrinsar
Kirkhorn krins
Gamleskulen på Kirkhorn vart bygd på privat initiativ av klokkar Rasmus Kirkhorn på Kirkhorn i 1832. Dette var eitt av dei første faste skulehusa i Sogn og Fjordane. Hornindal almuebibliotek vart skipa i 1846. Det fekk plass i gamle Kirkhorn skule. Kirkhorn skule (2) vart bygd i 1868. Kirkhorn skule (3) vart bygd i 1939 og var i bruk som skule til 1974. Frå 1963 til 1974 vart Kirkhorn skule brukt som fellesskule for alle storskuleborna i kommunen inntil sentralskulen på Kirkhorn stod ferdig i 1974.
Lødemel krins
Lødemel skule (1) vart bygd i 1878 på Sindre for Sørmarkane krins. Det vart etter kort tid kjøpt av folket i Lødemel krins, rive på dugnad og flytta over Hornindalsvatnet til Lødemel. Dette huset var i bruk til Lødemel skule (2) stod klart i januar 1954. Dette skulehuset vart mellombels nytta som sentralskule for småskulen i kommunen fram til sentralskulen på Kirkhorn stod ferdig i 1974.
Heggjabygda krins
Kjøs krins
Kjøs skule vart bygd i 1878 nede ved vatnet. Kring 1930 vart huset flytta lenger opp i bakken. Huset var bruk som skule fram til 1963.
Sydstranden krins
Rygg krins
Rygg skule vart bygd i 1875, bygd på i 1920 og var i bruk fram til 1963.
Haugen krins
Haugen skule vart bygd i 1881 og var i bruk til krinsen vart lagd ned i 1963. Elevane vart overførde til Lødemel og Kirkhorn.
Støversten krins
Skuleveg
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rognes | Rasmus | 1838 | 1876 | 1899 | Volda lærerskole | Gjekk av med pensjon. | |
Rygg | Ole Iver | 1851 | 1875 | Stord seminar | |||
Svor | Lars O. | 1859 | 1880 | Stord seminar | |||
Lødøen | Ole N. | 1861 | 1893 | Klæbo seminar | |||
Brændefur | Rasmus J. | 1873 | 1892 | Stord seminar | |||
Kirkhorn | Nanna | 1876 | 1900 | Volda lærerskole og Stord | |||
Sølvberg | Arne | 1899 | 1900 | Vikar, frå Utvik |
Skular og elevtal
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Femårsmeldingar:
- Indberetning om Hornindals Folkeskole for 1891-95. Nordfjordeid. Trykt hos J.O. Olsen
- Hornindals folkeskole - Beretning om dens virksomhed 1896-1900
Digitale kjelder
- Hermund Kleppa (2007) Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905. Kulturhistorisk leksikon.
- Dag Juvkvam (1999) Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå - ssb.no.
- Allkunne: Første skulehusa i Hornindal. Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane
- Allkunne: Nordstranda krins for veglause bygder. Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane
Ikkje-prenta kjelder
Skulehistorie i Hornindal er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |