Kirkhorn skule (3)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kirkhorn skule i dåverande Hornindal kommune, som vart bygd i 1939, var den tredje skulen i Kirkhorn krins. Skulehuset er framleis i bruk og er plassert i tettstaden Grodås, mellom kyrkja og hotellet.
Skulehuset
Dette skulehuset vart bygd i 1939 og fungerte som vanleg krinsskule for Kirkhorn krins fram til 1963. I 1963 vart alle elevane i Hornindal samla i ein krins, men det nye skulebygget stod ikkje klart. Skulen vart difor delt i to, og denne bygningen fungerte som skulehus for alle storskuleborna i kommunen fram til 1974.
Anna bruksområde
Etter 1974 har skulehuset vore brukt til bibliotek, kyrkjelydsstove, lager, fritidsklubb, førskule, motorlære, speidaren med meir.
Foto
- Elevar på Kirkhorn skule. Handarbeid-veke. Gamle skulehuset i bakgrunnen. Ukjend fotograf. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Elevar og lærar ved Kirkhorn skule ca.1928. Ukjend fotograf. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Elevar v/framhaldsskulen, - ved gamle Kirkhorn skule. Ukjend fotograf. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Frå bru til bru - vegen gjennom Hornindal frå generasjon til generasjon - vegen gjennom kulturhistoria. Tematisk kommunedelplan for kulturminne-kulturmiljø 201671019. Hornindal kommune