Kirkhorn krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Kirkhorn krins i Hornindal kommune ligg i det området der kommunesentumet Grodås er i dag, med kyrkje, hotell, butikkar og kommuneadministrasjon. Skulehuset frå 1939 var i bruk som skule fram til 1974 og står i dag mellom kyrkja og hotellet. Nyeskulen ligg rett nord for kyrkja ved idrettsplassen.

Skulehus

Kirkhorn skule (1)

Gamleskulen på Kirkhorn vart bygd på privat initiativ av klokkar Rasmus Kirkhorn på Kirkhorn i 1832. Dette var eitt av dei første faste skulehusa i Sogn og Fjordane. Hornindal almuebibliotek vart skipa i 1846. Det fekk plass i gamle Kirkhorn skule.

Kirkhorn skule (2)

Kirkhorn skule (2) vart bygd i 1868.

Kirkhorn skule (3)

Kirkhorn skule (3) vart bygd i 1939 og var i bruk som skule til 1974. Frå 1963 til 1974 vart Kirkhorn skule brukt som fellesskule for alle storskuleborna i kommunen inntil sentralskulen på Kirkhorn stod ferdig i 1974.

Hornindal barne- og ungdomsskule

Hornindal barne- og ungdomsskule har sidan 1974 samla alle elevane i ein skule.


Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmelding: Indberetning om Hornindals Folkeskole for 1891-95. Nordfjordeid. Trykt hos J.O. Olsen
  • Femårsmelding: Hornindals folkeskole - Beretning om dens virksomhed 1896-1900
  • Frå bru til bru - vegen gjennom Hornindal frå generasjon til generasjon - vegen gjennom kulturhistoria. Tematisk kommunedelplan for kulturminne-kulturmiljø 201671019. Hornindal kommune

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.972646° N 6.523745° Ø