Nordfjord frå gamle dagar til no

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå det gamle Nordfjord. Jacob Aalands barndomsheim, Sagebakken i Innvik. Fotograf ukjent.

Nordfjord frå gamle dagar til no er ein serie bygdebøker for det gamle Nordfjord fogderi, skrivne av Jacob Aaland og utgjevne i tidsrommet 1909-1943. Det er rekna som eit av dei store og viktige pionerarbeida innan bygdeboksjangeren. Verket vart mønstergjevande for andre bygdebokverk, særleg da på Vestlandet. Tilblivingshistoria er også illustrerande for dominerande kulturtrendar i samtida. Det gjeld den parallelle voksteren i interesse for lokalhistorie både hjå det breie publikum i bygder og byar, og i akademiske krinsar ved Universitetet og på biblioteks- og museumssektoren. Ikkje minst kan verket takast som ei av mange ovringar av norskdomskulturen, framdrive av folkehøgskular, ungdomslag og mållag. Det siste var i samsvar med Aalands eigne ideologiske haldningar, enda han faktisk vegra seg noko mot å skrive bygdebokverket på landsmål.


Jacob Aaland på sine eldre dagar. Fotograf ukjent.

Planen

Alt frå ungdomen av hadde Aaland interessert seg for slekts- og heimbygdshistorie. Etter kvart forma det seg ein plan om å skrive historia til bygdene i heile futedømmet Nordfjord. Etter at han flytta til Bergen og fekk god kontakt med fagfolk m.a. i stiftsarkivet og ved Bergens museum, vart tanken etter kvart konkretisert. Samstundes gjekk han systematisk til verks for å mobilsere lokal støtte i Nordfjord-bygdene til arbeidet. I eit intervju rett før han gjekk bort, fortel han sjølv om dette slik:

«Attåt det vedhaldande arkivarbeid tok eg meg fyre å vekkja og nøra interessa for bygdesoga kringum i Nordfjord-bygdene med di eg fór kringum i alle ungdomslag i Nordfjord og heldt foredrag om kva verd bygde- og ættesoga hadde, og foredragi krydra eg med dei mest forvitnelege arkivfunn. Etter dette studde ungdomslagi sterkt min plan um å arbeide ut bygdesoga for Nordfjord i 5 lutar.» [1]

Strukturen i det planlagde mangebands verket kan samanfattast slik:

Bolk I: Ålmenn bygdesoge om Nordfjord.
Bolk II: Dei einskilde bygdene, som skulle bestå av to delar for kvar: I Bygdesoge, II Gards- og ættesoge.

Opplegget med eit generelt band for heile distriktet (futedømmet) og enkeltband om kvar bygd, er heilt parallell med planen som Komiteen av 13/11 1906 hadde kome fram til, og som Lorens Berg, medlem i den same komiteen, hadde sett i gang sitt arbeid for Brunla len etter. Det var gjensidig impulsutveksling dei to forfattarane mellom, og mellom dei andre medlemmene i komiteen av 1906.

Det ferdige verket

Allmennsoga for Nordfjord vart det aldri noko av. Med Aalands eigne ord skulle dette ha handla «um folket og livevegane, um hus, husbunad og klædebunad, um kultur, sedskap, gamle skikkar og gamal påtru, um sermerkte ætter og einskilde framgangsmenn, og um embettesmenn». Banda for dei einskilde bygdene innheldt kvar for seg også denne typen stoff. I tematisk skilde bolkar vart det der elles utgreidd om emne som topografiske tilhøve, busetnadshistorie frå dei eldste tider, arkeologiske funn, prestebiografiar, utgreiingar om einskilde godssamlingar og «drag av soga» frå mellomalder og tidleg nytid. Men største bolken i bygdebanda gjeld historia til dei einskilde gardane, med noko opplysningar om folk som har budd der.

Sluttresultatet av Jacob Aalands formidable arbeidsinnsats med Nordfjord-soga var følgjande band:

  1. Eid-Hornindalen (1909). Bygdehistorie og gard og ætt. (Ny, endra og utvida utgåve ved Edvard Os 1953)
  2. Gloppen-Breimn (1915). Ny utgåve i 2 band 1935: Bygdesoge pluss gard og ætt i båe banda.
  3. Innvik-Stryn (1932). Bd. 1: Bygdehistorie. Bd. 2: Gard og ætt for Innvik . Bd. 3: Gard og ætt for Stryn.
  4. Davik (1939). Bygdesoge og gard og ætt.
  5. Selje, Sør- og Nord-Vågsøy (1943). Gard og ætt.

Planen med ei systematisk nummerering av hovudbolkar, band og delband, og dertil ei noko innfløkt utgjevingshistorie, gjer det vanskeleg å gje noko presist og fullt ut dekkande skjematisk oversyn, og i bibliografiar sprikjer oversyna ein del.[2]

Dei fem lutane og dei mange enkelbanda av Nordfjord er alle skrivne på eit Nordfjord-nært landsmål. Forfattaren kommenterer dette i føreordet sitt til Eid-Hornindalen (1909) slik:

«Firda maallag og mange av ungdoms- og maallagi kringum i bygderne i Nordfjord kravde sterkt, at verket skulde verta skrive paa maalet og ytte noko studnad og pengehjelp til det. Eg fann aa maatte bøygja meg fyre kravet: men det hev baade seinka og meinka arbeidet, daa eg sjølv ikkje hadde den dugleik aa skriva maalet, som var naudturvande.»

Det ser med andre ord ut til at Aaland måtte betale ein pris for den heilhjarta støtta han hadde fått hjå den norskdomsdyrkande ungdoms- og målrørsla. Det var nok ein pris han ikkje trega for mykje på å måtte betale, det galdt neppe språkpolitisk/ideologiske motsetningar, berre eit praktisk spørsmål. Ein kan kjenne seg trygg på at Firda mållag og nordfjordbuar flest som mottok bøkene, kunne nikke samtykkande till forfattaren sitt håp uttrykt rett før han gjekk bort:

«Eg hev den von, at mitt bygdesogearbeid – so mangelfullt det kan vera – hev styrkt kjærleiken til ætt, bygd og land i nokon mun.»[3]

Referansar

  1. Heimen bd VIII (1949-1951) s. 407.
  2. Vårt oversyn stør seg til Edvard Os i føreordet til hans utgåve av Eid og Hornindal 1953 s. 3-4, eit oversyn i Heimen bd. VIII (1949-1951) s. 409 og Fyllingsnes, Frode: Norsk lokalhistorisk litteratur. Ein bibliografi ca. 1900-1996. NLI 1997.
  3. Heimen bd VIII (1949-1951) s. 408.

Kjelder og litteratur

  • Alsvik, Ola: om Aaland i Norsk biografisk leksikon
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland og bygdesogeverket hans om Nordfjord», i Årbok for Nordfjord, Sandane 1965.
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland og bygdesoga på hundreårsdagen for hans fødsel», i Heimen 1/1966.
  • Johnsen, Oscar Albert: «Den nyere lokalhistoriske forskning» i Norsk historisk Videnskab i femti år 1869-1919, utgitt av Den norske historiske forening til dens femti-års-dag 21. desember 1919. Kristiania 1920.
  • Reinton, Lars: «Den lokalhistoriske rørsla og den moderne bygdehistorie 1900-1920», i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år, Universitetsforlaget 1970: s. 33-53.Digital utgaveNettbiblioteket
  • Skrede, P.M. «Jacob Aaland», i Årbok for Nordfjord, Sandane 1965.
  • Tvinnereim, Jon: «Bygdesogepioneren Jacob Aaland», i Sogeskrift for Eid 1999.