Opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

I november 1899 gjekk det ut eit opprop i avisene i Sunnfjord og Nordfjord med oppmoding om å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Oppropet vende seg til skulestyra og kyrkjelydane i Fjordane. Skulestyra vart bedne om å «hjelpa det norske målet fram til heidersplassen i skulen». Kyrkjelydane vart oppmoda om å gjere seg kjende med Nokre Salmar av Elias Blix og ta dei i bruk i kyrkja.

Oppropet er datert Fjordarne i novbr. 1899. Initiativet kom truleg frå styret i det nyskipa Firda mållag der Elias Melvær var fyrste formann og Haakon Aasvejen var sentral. Båe arbeidde ved amtsskulen i Florø.

Det vart prenta i fleire aviser, mellom anna Fjordenes Blad 27.11.1899. Nokre underskrivarar kom til i eit tillegg prenta 11.12.1899.

Oppropet gjev eit godt bilete av kven som stod i spissen for målreisinga i bygdene i Sunnfjord og Nordfjord på dette tidspunktet.

Namn i opprop Tittel i opprop Stad i opprop Merknad
A. M. Thomasgaard ordførar Horndalen
Olav Holmøy arbeidsskulestyrar Horndalen
O. R. Svor heradskasserar Horndalen
O. N. Lødøen lærar Horndalen
P. Sunde kyrkjesongar Stryn
Jon Fridtun gardbrukar Stryn
M. Sandvik landhandlar Stryn
Rasmus Bruvoll gardbrukar Olden
Knut Taraldset stortingsmann Innvik
L. Reed kyrkjesongar Innvik
Olav Slaattelid kyrkjesongar Eid
Jon S. Ous gardbrukar Eid
A. Skarstein landhandlar Gloppa
Rasmus Lothe gardbrukar Gloppa
Gudbr. Henden lærar Gloppa
J. E. Aaland landhandlar Gloppa
L. E. Søreide lærar Gloppa
J. Myklebust ordførar Breim
Ap. Rosenlund kyrkjesongar, ordf. Davik
L. J. Eldevik lærar Davik
N. Hole lærar Davik
S. A. Lødemel lærar Selja
Edv. Arstein kand theol. Bremanger
E. Vindheim kyrkjesongar Bremanger
Haakon Aasvejen amtsskulestyrar Florøy
Elias Melvær amtsskulelærar Florøy
J. Volle kyrkjesongar Kinn
N. Seim gardbrukar Kinn
P. Havikbotn lærar Kinn
Olai Aalen kyrkjesongar Eikefjord, Kinn
M. Gjelsvik landhandlar Vevring
Ludv. Solheim res. kap. Førde
M. Noreide gardbrukar Askvoll
Olai Frøyen kyrkjesongar Ytre Holmedal
Samson Eliassen emissær Ytre Holmedal
G. L. Aarnes lærar Indre Holmedal
Kr. Eimhjellen lærar Naustdal S.
S. K. Aarnes gardbrukar og ordførar Stryn I tillegget 11.12.1899
A. A. Drageset gardbrukar Innvik I tillegget 11.12.1899
Elias Gloppestad gardbrukar Gloppa I tillegget 11.12.1899
O. Rogne lærar Askvoll I tillegget 11.12.1899

Kjelde

  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 314-316 (Digital utgåve, NBdigital)


Spraakskifte.png Opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899 er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.