Bygdebøker i Austevoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygdebøkene i Austevoll kommune kom i tre bind i perioden 1976-1991. Johan Tufteland skreiv og redigerte kultursoga og gards- og ættesogene. Store deler av stoffet begynte Tufteland å samla inn i 1940-åra, og dette var til uvurderleg nytte for oppdragsgjevaren som kunne ausa av eit omfattande kjeldemateriale i det 15 år lange arbeidet med bøkene.

Medlemmene i redaksjonsnemndene gjorde og eit omfattande og mangesidig innsamlingsarbeid, særleg om etterkrigstida. Desse var Arne Eide, Ingolv Lemvik, Gerd Møgster, Hans Njåstad, Jørgen Solbakken og Simon Våge.

Mellom andre og tredje bind av gards- og ættesogene gav kommunen ut første bind av kultursoga, Austevollsoga. Kultursoge I. Johan Tufteland skreiv boka saman med Salomon Fagerbakke og Jørgen Solbakken. Hallvard Kalve skreiv kapittelet om losvesenet. Dessutan nytta redaksjonsnemnda utrykte manus av Johannes Søreide og Peder Naustheller.

Her er eit oversyn:

  • Tufteland, Johan (red.): Møkster sokn. Gard og ætt I. Austevoll 1978. 722 s.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll sokn. Gard og ætt II. Austevoll 1981. 752 s.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll. Gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik kapellsokn.Austevoll 1991. 471 s.
  • Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Austevoll 1986. 484 s.


Elektronisk utgåve

Austevoll. Gard og ætt III.