Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling (Austevoll)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling vart oppretta ved Austevoll bibliotek i 2005. Initiativet kom frå dåverande pensjonerte fiskar, notbas og fiskeskipper Øystein Rabben som var leiar i Selbjørn fiskerisogelag. Samlinga er plassert i Tuftelandrommet ved biblioteket. Her finn ein ca. 400 bøker, tidsskrift, ulikt kjeldemateriale, f.eks. loggbøker og dvd’ar og videoar med filmar frå sjøfart og fiske. I 2011 vart samlinga presentert på Verdens bokdag.

Føremålet med tiltaket den gongen var å ta vare på Austevoll kommune si fiskerihistorie, men det vart etter kort tid utvida til å gjelda historie om utanriksfart, kystfart og annan maritim historie som har tilknytning til kommunen. Litteratur frå nokre andre kystkommunar og landsdekkande større maritime historieverk har også fått sin rettmessige plass i samlinga.

Bøker og film

Sidan ein stor del av litteraturen i samlinga var utseld frå forlaga, leita Øystein Rabben fram bøker og hefte i fleire antikvariat, i bokbyane i Fjærland og Tvedestrand, på loppemarknader og fleire andre stader. Dessutan saumfôr han antikvariata sine boklister. I tillegg har det tilflytt bokgåver til samlinga.

Øystein Rabben registrerte litteraturen og alt anna materiale, og biblioteket har lagt det inn i den søkbare databasen til biblioteka i Sunnhordland, http://sunnbib.no. I bokgåvene skreiv han namnet til gjevaren og gjerne andre nødvendige opplysningar. Biblioteksjef Laila Ester Reidunsdatter Aarland seier at biblioteket ikkje ville hatt høve til å oppretta ei slik unik samling. Biblioteksjefen understrekar dessutan fordelane biblioteket har ved å disponera og låna ut frå den maritime samlinga.

Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder:

  • Øystein Rabben (1942-2019)
  • Laila Ester Reidunsdatter Årland


Skriftlege kjelder: