Eidfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Eidfjord kommune
1232 Eidfjord komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1232
Fylke Hordaland
Kommunesenter Eidfjord
Areal 1491.74  km²
Areal land 1393.4  km²
Areal vann 98.34  km²
Folketall 921 (2017)
Grunnlagt 1891 / 1977
Sammenslåing(er) 1964: Ullensvang, eigen kommune att i 1977
Målform Nynorsk
Nettside Nettside


Eidfjord kommune er ein kommune inst i Eidfjorden i Hardanger i Hordaland. Han grensar til hardangerherada Granvin i nord og Ullensvang i sørvest. Austom fylkesgrensa grensar han til buskerudskommunane Hol i Hallingdal og Nore og Uvdal i Numedal. Eidfjord kommune vart oppretta i 1891 då han vart skilt ut frå Ulvik. I 1964 vart Eidfjord slegen saman med Ullensvang, men vart eigen kommune att i 1977. Eidjord vart dermed ein av dei såkalla «skilsmissekommunane».

Kommunen er med sine 931 innbyggjarar (pr. 2017) ein av dei minste i Hordaland. Folketalet har vore nokolunde stabilt på 2000-talet, men ligg allikevel berre på 80 % av nivået i 1945. Kommunesenteret Eidfjord, som ligg ved munningen av Eio i Eidfjorden, har 539 innbyggjarar. Den andre tettbebygde staden i kommunen er Øvre Eidfjord ved sørenden av Eidfjordvatnet.

Om lag 90 % av Eidfjord kommune ligg over 900 moh. Hardangervidda, med Hardangervidda nasjonalpark, utgjer mestedelen av desse fjellareala.

Økonomisk utvikling

Eidfjord har frå gammalt vore ei jordbruksbygd, trass i at berre 1 % av arealet er oppdyrka. Sauenæringa er no den viktigaste.

Turisttrafikken i Hardanger byrja på slutten av 1800-talet. I Eidfjord var Vøringsfossen den største attraksjonen. Det vart bygd hotell i både tettstaden Eidjord, der det var dampskipsbryggje, og ved fossen. Etter at Bergensbana opna, i 1909, kom det fleire turistar til Hardangervidda, og desse drog ofte vidare ned Måbødalen.

På 1970-talet byrja kraftutbyggjinga i Eidfjord. Med store areal som låg høgt, og med bratt fall ned mot fjorden, hadde bygda grunnlag for stor kraftproduksjon. Samstundes vart det større motstand mot omfattande naturinngrep, og etter rikspolitisk strid vart Hardangervidda nasjonalpark etablert. I Eidfjord vart Veig-, og Erdalsvassdraga verna, og Vøringsfossen vart sikra ei sommarvassføring på om lag 1/3 av den uregulerte vassføringa. Eidfjord er allikevel den tredje største kraftkommunen i Noreg, etter Suldal og Sirdal.

Galleri

Kjelder og litteratur

Vidare lesing