Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Lokalhistorisk arkiv i Tysnes kom i stand i samband med innsamling av materiale til arbeidet med gards- og ættesogene for Tysnes, skrivne av Ernst Berge Drange i perioden 1986-1991, på oppdrag frå Tysnes Sogelag og med økonomisk bistand frå Tysnes kommune, samt tilskot frå Norsk Kulturråd, og vert administrert av Tysnes kommune.

Lokalhistorisk arkiv i Tysnes tok ved opprettinga sikte på å vera ei avdeling innafor kulturetaten, eit arkiv som tok vare på ulike materialgrupper som arkiv, foto, lydband o.a., men er i dag ikkje aktivt vedlikehalde. Lokalhistorisk arkiv i Tysnes har ei biletsamling i form av ei større reprosamling i Tysnes folkebibliotek sine lokale, glasplatesamlingar i kommunearkivet og ei samling positive bilete i tilknyting til biblioteket. Grunnstamma i biletsamlinga stammar frå arbeidet med gards- og ættesogene. I tillegg kjem bilete som vart nytta i samband med Johannes Heggland si kultursoge 1964-1975, samt tilvekst frå ymse lag og privatpersonar. Dette gjeld også ordinært arkivmateriale, i form av diverse arkiv og lydopptak.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå Ernst Berge Drange i e-post datert 7. november 2011
  • Eigne opplysningar (Knut Rage) som biblioteksjef i Tysnes kommune