Ernst Berge Drange

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ernst Berge Drange (fødd 1954) er magister i etnologi og tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Han har skrive ei lang rekkje bygdebøker, forutan andre publikasjonar. Særleg kan nemnast magistergradsavhandlinga hans om husmannsskipnaden i Tysnes, som var eit pionerarbeid som flytta tidspunktet for plasskipnaden på Sørvestlandet til byrjinga av 1600-talet. Frå 1977 var han knytt til Tysnes Sogelag i Sunnhordland, som på det tidspunktet gjekk i gong med innsamling av materiale til ei gards- og ættesoge for Tysnes. Drange gjorde eit stort arbeid med innsamling av munnlege tradisjonar frå kommunen før han tok til med sjølve skrivinga av bygdebøkene, som kom i fire band i åra 1986–1991. Seinare har han også skrive fleire band med lokalhistorie frå Suldal kommune i Ryfylke.

Eit særmerke for Drange er at han i stor grad har nytta munnlege former i gardsnamn og stadnamn og ofte heldt på lokalkoloritten i form av dialekt. I samband med hundreårsmarkeringa for diktaren og barnebokforfattaren Rasmus Løland fekk Drange i oppdrag å skriva ein biografi, som vart gjeve ut på Det Norske Samlaget under tittelen Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke, ei bok som ikkje minst gjev eit djupt innsyn i Løland sitt oppvekstmiljø i Ryfylke.

Eksterne lenker