Rasmus Løland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Stavanger Aftenblad 20. desember 1938: utsnitt av omtale av Rasmus Løland.

Rasmus Løland (fødd 24. mai 1861 i Suldal, død 12. oktober 1907 i Asker) var forfattar og målmann. Mest er han kjend som barnebokforfattar, og som ein fornyar av den sjangeren. Også som organisasjons- og bladmann innan norskdomsrørsla gjorde han seg mykje gjeldande. Han var ein av dei sentrale landsmålsstrategane som tilhøyrde den såkalla Askerkretsen rundt førre århundreskiftet.

Bakgrunn og familie

Rasmus Løland var bondeson, fødd og oppvaksen på garden Løland ved Hylsfjorden, i Sand i nåverande Suldal kommune i Ryfylke. Foreldra var gardbrukarparet Lars Larsson Løland (1816–1888) og Barbro Torkelsdotter Søndenå (1825–1890). Etter tid og stad og stand vart familien rekna som velhalden. Det var etter Rasmus Lølands eiga framstilling også ein nokså strengt religiøs heim. E. B. Drange kallar farens religiøse orientering for seinhaugiansk. Samstundes var det ein lesande og politisk interessert, nasjonalt venstreorientert familie.[1]

Rasmus Løland levde ugift heile livet.

Heilt frå barndomen av var Løland nokså veikhelsa, mellom anna med hjartefeil og nerveproblem. Han budde heime på garden til i vaksen alder, til han flytta til Bergen som trettiåring i 1892. Han reiste til til Kristiania tre år seinare, og vart buande der fast frå 1897.

Heime hadde hjelpt broren Lars med gardsdrifta, men tungt kroppsarbeid tåla Rasmus dårleg, så han skøytte heller på inntektene med å lage sopelimar og tiner og slikt noko. Da broren hadde overteke garden etter foreldra, vart det avtala at Rasmus skulle «kome på folga», dvs. ha underhald av garden så lenge han levde. Dei rekna ikkje med at han kom til å bli i stand til å forsørgje seg sjølv. Dette var nok bakgrunnen for at han i lokalmiljøet gjekk under tilnamnet Tussen.[2]

Etter allmugeskulen gjekk Rasmus amtskulen på Sand vinteren 1877-1878, der han vart sterkt påverka av læraren og målmannen Torkell Mauland.

Forfattarskapet

Da han flytta til Kristiania i 1895, var Løland alt ein etablert og særs produktiv forfattar. Det skal ha vore forlagsredaktøren Bertrand Jensen som fekk Løland til å slå seg ned i hovudstaden. Dei fyrste forteljingane hans hadde kome på prent i 1888, og i 1891 gav Mons Litleré ut den fyrste boka frå Lølands hand, Folkeliv. I 1892 kom heile tre bøker: Skuld og barnebøkene Ungar og Paa sjølvstyr. Året etter kom Skattegravaren, og i 1894 Kor vart det av jola? (barnebok). Alt i alt gav han ut om lag 30 bøker, i tillegg til ei lang rekkje artiklar og forteljingar i blad.

Norskdomsmann og radikalar

Alt frå si fyrste tid i Kristiania var Løland medarbeidar i nynorskavisa Den 17de Mai. Han var ivrig med i målpolitisk arbeid på fleire frontar. Mellom anna var han med og starta Røelaget, ein krins av sentrale norskdomsintellektuelle som drøfta strategiske og ideologiske spørsmål. Han sat i styret for det radikale ungdomslaget Fram. Frå 1903 til han døydde i 1907 var han styrar for Norsk Barneblad. Frå 1899 sat han i styret for Det Norske Spellaget, som var ein viktig start på det som skulle bli Det norske teateret. Løland var også redaksjoonsmedlem i Syn og Segn. Rett før han døydde, vart han vald inn i styret for Den norske Forfatterforening.

I 1899 fekk Løland stipend og reiste i Tyskland og Tyrol. Han vitja også ei tid Askov folkehøgskule i Danmark.

I 1903 flytta Løland til Asker, der han hadde kjøpt hus på tomta til Arne og Hulda Garborg på Labråten, og vart dermed ein sentral aktør i det tette målpolitiske og kulturelle elitemiljøet der.

I likskap med fleire av sine vener i Askerkretsen, kan Rasmus Løland seiast å ha vore ein ideologisk og politisk radikalar. Han var religiøs fritenkjar. Han stod for radikale Venstre-standpunkt som allmenn røysterett, motstand mot unionen og for utvida ytringsfridom.

Rasmus Løland er gravlagd på Asker kirkegård.

Referansar

  1. Drange, E. B. i Allkunne.
  2. Fidjestøl, A. 2014:75.

Kjelder og litteratur