Bertrand Jensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Bertrand Jensen (fødd 12. oktober 1863 i Kristiania, død 1946) var forlagsbokhandlar i Kristiania. Han dreiv bokhandel med antikvariat i Pilestredet frå 1891. Frå 1893 gav han ut bøker på landsmål, mellom anna av Hans Seland og Rasmus Løland. For å finansiere dette gav han òg ut skillingstrykk. I tillegg gav han ut månadsskriftet Bogvennen.

Slekt og familie

Han var son av manufakturhandlar Ole Jensen (f. 1840) og Jakobine Jensen (f. 1834).

I 1887 blei han gift i Fredrikstad med Joahnne Fredrikke Hansen (f. 1868). Dei fekk sonen Jens Fredrik Weiner i 1888, og adopterte óg Carlo Serafino Balvani (f. 1887). Ekteskapet enda i skilsmisse ein gong mellom 1900 og 1910.

I 1911 blei han gift for andre gang, i Stavern, med Asta Randi Jensen (f. 1893). I dette ekteskapet blei det fire born: Jens (f. 1913, død som liten), Ole Jakob (f. 1914), Jens Bertrand (f. 1915) og Ingvald Thackeray (f. 1919).

Liv og virke

Han hadde sine første år i Kristiania, fram til familien i 1869 flytte til Fredrikstad, der faren blei ein av dei rikaste kjøpmennene i byen. Den unge Bertrand blei særs interessert i bøker, og drøymde om å bli bokhandlar. Faren ville derimot ha han inn i sitt foretak, der han kunne gjere gode pengar. Betre blei det ikkje då Bertrand Jensen trakk mot radikale kretser og målrørsla.

Den 11. oktober 1891 kjøpte han Peder Omtvedt sitt antikvariat og bokhandel i Pilestredet 5. Huset lå der i dag finn Professor Aschehougs plass, og blei rive då plassen blei utvida i 1930-åra. Jensen hadde nok arva sin fars talent for forretningar. Han gjorde gode kupp, som då han fekk tak i samlinga etter Bredo Adolf Stabell for ein liten sum. Som forleggar var det mest viser han ga ut i starten. Bland hans kunder var Thorvald Boeck, som bygde opp ein stor samling av viser utgjeve av Jensen. Han byrja óg frå 1893 å gje ut bøker på landsmål, men dette var eit tapsprosjekt - her måtte forretningsmannen vike for idealisten. For å finansiere den blei det fleire skillingstrykk. Totalt kom det 46 bøker på landsmål frå forlaget. Ein liten kuriositet er at den då femten år gamle Oskar Braaten fekk jobb som visargut på antikvariatet. Han blei seinare ein god ven av Jensen, og vitja han ofte.

Kort tid etter at han hadde starta bokhandelen i Kristiania, kjøpte han eigedomen Hyggelia ved Ullevålsveien. Han kjøpte óg ein mindre naboeigedom og reiv huset der, for å bygge ein større forretnings- og leigegard. Han skaffa seg óg ein eigedom på landet, som i dag har adresse Hellerudveien 4 og er kjend som Kaffekverna. Men så kom Kristianiakrakket i 1899, og låna blei annullert. Dette var eit hardt slag for Jensen. Same året solgde han antikvariatet til Henrik Berg. Forlagsdrifta holdt han fram med, i leigde lokale i Pilestredet 7. I 1900 opna han så eit nytt antikvariat i Ullevålsveien 20. Her sette han inn Jens Vevstad som bestyrar, og via seg sjølv til gardsdrift på landeigedomen.

I 1903 orka han ikkje meir av motgongen i Noreg, og ville emigrere til New Zealand. Vi finn han saman med adoptivsonen i emigrantlistene. Han var der ein tid, og skulle så vitje gamlelandet i 1906. Han måtte ta jobb som kollempar, for han hadde ikkje råd til billetten. Under reise fekk han skada den eine armen, og det gjekk verk i såra. Fleire operasjonar og eit opphald på fleire veker i Montevideo følgde, og det var nær på at han døydde av infeksjonen. Då han endeleg kom til Noreg hadde han framleis eigedomen på Hellerud.Han lengta attende til New Zealand, men hadde ikkje pengar og var blitt invalid. Det ende med at han gav opp draumen om New Zealand, og i staden byrja med omreisande boksal. Etter eit par å solgde han tomter på Hellerud, og dette gjorde han gode pengar på.

Jensen kjøpte seg eit småbruk på Tjøme, og var der nokre få år. Så solgde han, og tok med sin nye familie til Jomfruland der han budde livet ut.

Kjelder og litteratur