Amtsskole

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Amtsskule»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Amtsskole, frå 1919 kalla fylkesskole, var eit skoleslag som vart oppretta ved stortingsvedtak i 1875. Det var eit tilbod om allmennopplæring for ungdom og bygde på grunnskolen (allmugeskole/folkeskole). Stortingsvedtaket frå 1. juli 1875 slo fast at ei løyving frå amtstinget til "Amtsskoler eller Aftenskoler" automatisk utløyste ein tredobbel sum i statsløyving. Skolane stod under tilsyn av amtsskolekommisjonane (seinare fylkesskolestyra).

Amtsskolane var meint som ei motvekt mot dei grundtvigianske og venstreinfluerte folkehøgskolane. Det galdt både pedagogisk og ideologisk. Amtsskolane la større vekt på kunnskapstileigning, eksamen og karakterar. I den fyrste tida var dei prega av politisk og religiøs konservatisme.

Planane for amtsskolen vart utforma i 1874 av skoledirektøren i Nidaros, den seinare markante høgrepolitikaren Jacob Aall Bonnevie. I Kirkedepartementet var ekspedisjonssjef Nils Hertzberg (1827-1911) pådrivar.

Amtsskolane vart ein stor suksess med stor søkjing frå bygdeungdomen. Allereie i 1876 var det 33 skolar i gang.

Skilnadene mellom amtsskolane og folkehøgskolane vart etter kvart mindre. Det kom seg ikkje minst av at mange tidlegare folkehøgskolelærarar fekk tilsetjing i amtsskolane, etter som mange folkehøgskolar vart nedlagde i 1880- og 1890-åra. Også dei kristelege ungdomsskolane utgjorde frå 1890-åra av eit alternativ for den same ungdomen på det same utdanningsnivået. Ved lov av 23. juli 1949 om folkehøgskolar vart stønadsordningane og føresegnene elles for fylkesskolane, dei frilynde folkehøgskolane og dei kristelege og andre private ungdomsskolane samordna.

Amtsskoler etter opprettelse

Kjelder

  • Norsk allkunnebok (1952) oppslag "fylkesskule".
  • «folkehøgskole» i Store norske leksikon
  • Engesæter, Aage og Johs B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Samlaget. Oslo 1988, s. 84-86.
  • Thorkildsen, Dag: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.

Vidare lesing

  • Nygård, Kristian (red.): Frå amtsskole til folkehøgskole : 75-årsskrift for fylkesskolen i Noreg. Norges fylkesskolelærarlag 1951.