Ryfylkemuseet
Ryfylkemuseet er regionmuseum for Ryfylke. Det var skipa i 1981, og har sete på Sand i Suldal. Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal og dekker kommunane Suldal, Sauda, Hjelmeland, Strand, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.
Ryfylkemuseet skal tilby kunnskap og opplevingar, og skal bidra til ei positiv bygdeutvikling i Ryfylke.
Museet tilbyr opplevingar som gir eit innblikk i kvardagslivet til ryfylkingane like frå 1500-talet og fram til i dag. På reise gjennom Ryfylke kan du mellom anna oppleva gardstun frå ulike samfunnslag og tidsepokar. Tuna er i hovudsak bevarte på sine opphavlege tufter. Me har òg eit hummarmuseum og eit industriarbeidarmuseum, som kvar for seg representerer to viktige næringar i Ryfylkeregionen. Skulegangen blir formidla i Skulemuseet på Jelsa.
Utstillingsstadene er:
- Bakken, Rennesøy.
- Bethel, Finnøy.
- Bibmus, Rennesøy.
- «Brødrene af Sand».
- Hjelmeland bygdemuseum.
- Håland, Suldal.
- Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen, Sauda.
- Jonegarden, Sauda.
- Kolbeinstveit, Suldal.
- Litunet, Suldal.
- Nesasjøhuset, Suldal.
- Røynevarden, Suldal.
- Strandstaden Jelsa, Suldal.
- «Suldal»
- Viga, Hjelmeland.
Museet har ein fotosamling med kring 70 000 bilete, som dei per 2017 arbeider med å gjere tilgjengeleg på Digitalt Museum. Museet er med i Fotonettverk Rogaland.
Folkemusikkarkivet inneheld mellom anna lyd- og videoopptak frå heile Rogaland.
Bygningsvernavdelinga har ansvar for den store bygningsmassen til museet. Handverkarane deira har arbeidd tett med lokale tradisjonsberarar, og held vedlike og formidlar den handlingsborne kunnskapen.
Andre sentrale satsingsområde ved museet er formidling retta mot barn og unge, og kulturelt mangfald.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Ryfylkemuseet på Digitalt museum.
- Ryfylkemuseet på KulturNav
- Om museet på Ryfylkemuseet sin nettstad.
| Ryfylkemuseet er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |