Hjelmeland kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjelmeland
1133 Hjelmeland komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1133
Fylke Rogaland
Kommunesenter Hjelmelandsvågen
Areal 1088.82  km²
Areal land 976.29  km²
Areal vann 112.53  km²
Folketall 2 723 (2018)
Sammenslåing(er) 1965: Størsteparten av Fister og Årdal innlemma.
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Hjelmeland kommune er ein kommune i Rogaland, som grensar til Suldal i nord, Bykle i aust, Forsand og Strand i sør og Finnøy i vest. Administrasjonssenteret er Hjelmelandsvågen.

Kommunen vart oppretta i 1884, då Hjelmeland og Fister kommune vart delt i to. I 1965 vart størsteparten av Fister kommune (unntatt nokre øyer i Boknafjorden) og Årdal kommune (unntatt eit område ved munningen av Årdalsfjorden) innlemma i Hjelmeland. Ein gard på Ombo vart samstundes overført frå Jelsa kommune.

Største arbeidsgjevar er kommunen, og deretter kjem jordbruket som viktigaste næringsveg. Særleg epledyrking, men òg anna frukt- og bærdyrking, er viktig i kommunen. Det er ein del industri, særlig næringsmiddel-, betong- og trevare-/møbelindustri.

Kjelder