Harald J. Aarseth
Hopp til navigering
Hopp til søk
Harald J. Aarseth (fødd 28. juni 1898 i Vevring i Sunnfjord, død 23. juni 1974) var lærar.
Han var son av Jakob M. Aarseth og Olina Johnstad. Som toåring vart han i folketeljinga 1900 ført på Solberg i Vevring. I 1910 finn vi så familien i Strandgaten 154 i Bergen, der faren var kolformann sjå Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskab.
Etter lærareksamen var han vikar i krinsane Skorven og Rørvik (1927-28). Frå 1929 var Aarseth tilsett ved skulane Grytten og Steindal i heimbygda Vevring, i noverande Sunnfjord kommune.
Harald J. Aarseth er gravlagt på Vevring kyrkjegard.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 3355523)
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Harald J. Aarseth i Historisk befolkningsregister.