Grov (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grov
Grov.JPG
Alt. namn: Grouff
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 210

Koordinater: 61°38′26″ N 7°11′29″ Ø


Grov (Luster, gnr. 210) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Snøtun og i vest mot Bergset. Det var eitt bruk på Grov fram til 1823, og fram til 1939 vart garden delt i fem bruk. Den fyrste av fire kjende husmannsplassar vart rydda i 1780-åra. Bruka på Grov har støl på Sandhaugedalen i Fåberg. Heimane under Grov sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Mellomalderen

Ein har ikkje sikre kjelder på at det var gardsdrift på Grov i mellomalderen, men alt tyder på at mellomalderbusetnaden i Jostedalen og Krundalen har hatt om lag same utbreiing som i nyare tid.

Nyryddinga

Grov er ikkje nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Her er det derimot nemnt to bruk på Kronen(Kruna) og fire i Kronnedal, og det er rimeleg å tru at Grov har vore eitt av dei fire. Det kan tyde på at gardsnamnet Grov ikkje hadde fest seg i vanleg bruk på den tida, og at namnet kanskje ikkje er eit mellomaldernamn i Jostedalen, men vart importert frå Nordfjord av nybyggjarane på 1500-talet. (Sjå Krundalen.)

Garden er fyrste gong nemnd med namnet Grov (Grouff) i ei skatteliste frå 1600[1] og har sidan hatt fast busetnad.

Tidleg sjølveige

Fram til 1700-talet var Grov som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe, var det Jens Munthe som fekk hand om Grov. Men han selde alt 10. januar 1758 Grov til brukaren Otto Olson Grov. Grov vart dermed den fjerde jostedalsgarden som vart selt ut av Munthe-ætta, som elles sat med dei fleste jostedalsgardane til 1770-åra. Det er uvisst kvifor Grov vart seld så tidleg, men det har truleg hatt å gjere med at Otto Olson Grov både må ha hatt ein del midlar og må ha vore ein framståande mann i bygda (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Brukarane før 1800

Den fyrste brukaren ein sikkert veit at budde på Grov, var Endre (nemnd 1600), som alt kring 1602 flytte til Kruna. Kring 1602 tok så Anders Grov over som brukar og leiglending, og han er nemnd i skattelistene like fram til 1663.

Sonen hans, Knut Andersson Grov, tok over ein del av garden kring 1655 og resten kring 1664, og han dreiv Grov til han døydde kring 1694. Også Knut må ha hatt ein framståande plass og vore ein del av eit leiande sjikt i bygda prega av tette familieband. Knut var gift med lensmannsdottera Martha Olsdotter Åsen, og han var kyrkjeombodsmann 1684-1686 og vart etterfølgd av svogeren Anders Olson Åsen. Også Peder Nilsson Grov som gifte seg med enkja etter Knut Grov vart kyrkjeombodsmann. Også den eldste sonen til Knut, Anders Knutson Snøtun, vart kyrkjeombodsmann.

Ein annan av sønene til Knut, Ole Knutson Grov, fekk bygsel på heimebruket 15. november 1712 og dreiv garden til han døydde kring 1754. Ole Grov er den fyrste kjende klokkaren i Jostedalen. Banda til lensmannsætta i Åsen var tette også i denne generasjonen ved at dottera Martha Olsdotter gifte seg med lensmannssonen Ole Anderson Åsen, som vart klokkar etter Ole Grov.

Ole Grov sin son Otto Olson Grov tok over som leiglending og gardbrukar på heimebruket i 1755 og vart den fyrste sjølveigaren på Grov i 1758. Faren Ole hadde sett ut Otto til å følgje etter han i klokkarombodet, men slik gjekk det ikkje. Otto Grov vart derimot eigar av Jostedal kyrkje i 1762, noko som understrekar den framståande posisjonen hans i bygda.

Bruksdelinga

Sonen til Otto, Anders Ottoson Grov, vart den siste brukaren som hadde Grov udelt. Bruksdelinga skjedde slik:

  • Bnr. 4 Grov (Nedstegrov) - det opphavlege bruket
  • Bnr. 1 Grov (Øvstegrov) - utskild 1826 gjennom ei deling av bnr. 4 i to jamstore bruk
  • Bnr. 2 Grov (Midtstova) - utskild 1842 frå bnr. 4
  • Bnr. 3 Grov (Nyørk) - utskild 1861 frå bnr. 2
  • Bnr. 5 Leitehaugen (Leiteøygarden) - tidlegare husmannsplass, utskild 1939 frå bnr. 1

Husmannsplassar

Ein kjenner til fire husmannsplassar under Grov, og ei tid på 1800-talet var alle i bruk:

Klongrerabben (Rabben) er den eldste, rydda i 1780-åra. Plassen var i bruk til 1861 då brukaren fekk kjøpt bnr. 3 Nyørk og truleg tok med seg både stovehus og fjøs dit. Klongrerabben vart då nedlagd og gjekk inn i det gamle hovudbruket (bnr. 4) att.

Leitehaugen (Leiteøygarden) var den andre husmannsplassen som vart rydda, truleg kring 1815. Ved bruksdelinga i 1826 kom Leitehaugen under bnr. 1. Leitehaugen var husmannsplass heilt til 1939-41 då plassen vart utskild frå bnr 1 og kjøpt av brukaren Johannes Grov.

Tunet låg midt i gardstunet på Grov, og ein kjenner ikkje plasseringa nøyaktig. Etter bruksdelinga i 1826 fekk Anders J. Grov skøyte på bnr 1, og det var far hans, Johannes A. Valde, som i 1828 fekk fyrste festesetelen på Tunet. Plassen vart truleg nedlagd kring 1874.

Einersåkeren, plass under bnr. 4, vart òg truleg teke i bruk sist i 1820-åra av skyldfolk av brukaren på bnr. 1. Plassen vart nedlagd i 1854, og jorda gjekk attende til bnr. 4.

Personar frå Grov

Notar

  1. Jordeboka 1600 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur