Bergset (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bergset
Bergset.jpg
Alt. namn: Bersetter (1600), Bersæter, Berset
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 211

Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar garden mot Grov. Garden er fyrste gong nemnd i skattelista frå 1600 då Thore Bersetter var leiglending.[1] Heimane under Bergset sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Den vesle istida

Bergset var den av gardane i Krundalen som vart hardast råka av framrykkinga til breane under den vesle istida. Bergset og Grov hadde fyrst stølar i Bergsetdalen, men i 1684 hadde breane i Bergsetdalen gått så mykje fram at stølsområdet var øydelagt. Rettsdokumentet om stølsflyttinga er det fyrste vitnemålet i Noreg om at breveksten under den vesle istida valda økonomisk skade.[2]

Bergset har òg vore hardt råka av snøskred. I eit rettsdokument frå 1742 heiter det: "Herforuden Sneeskreeden i tvende gange udj 18 eller 20 Aars tid at reigne, hafde borttaget all gaardens huuse, som paa nye tuffter vare henflytted."[3] Det må vera snakk om to skredulukker med 18-20 års mellomrom, men det er uvisst kor lenge før 1742 dette hende. Etter dette vart gardstunet flytt kring 200 meter lenger vest der det ligg i dag for enden av fylkesvegen gjennom Krundalen.

Utover på på 1700-talet skaut Tuftebreen ut av Tufteskardet og ned i Krundalen rett framanfor det nye tunet på Bergset. I 1742 låg bretunga heilt ned til Krundøla, og sida på breen var berre 250 meter frå gardstunet på Bergset (sjå Tuftebreen). Ei åstadsforretning i august 1742 gjer at ein har detaljert kunnskap om denne denne framrykkinga.[4]

Bruk

  • Bnr. 1 Bergset - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Bergset (Bergsethaugen) - utskild frå bnr. 1 26.5.1838
  • Bnr. 3 Bergset - var eige bruk delar av 16- og 1700-talet, og vart endeleg fråskilt bnr. 1 4.6.1860
  • Bnr. 4 Myrehaugen - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 6.7.1907
  • Bnr. 5 Myrebø - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 12.7.1915

Husmannsplassar

Det har vore fem husmannsplassar under Bergset:

  • Furehaugen - rydda kort før 1800, nedlagd kring 1867
  • Myrehaugen - rydda kring 1814, delt i to (Myrehaugen og Myrebø) i 1845, utskilde som bnr. 4 i 1907 og bnr. 5 i 1915
  • Brænna - rydda kring 1840, nedlagd kring 1873
  • Kongsbakken - rydda kring 1881, nedlagd i 1947

Notar

  1. Skattelista 1600 (Jostedal historielag)
  2. Tingbok for Indre Sogn 1684 (Jostedal historielag)
  3. Snøskred på Bergset før 1742 (Jostedal historielag)
  4. Tingbok for Indre Sogn 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61°38′42″ N 7°10′15″ Ø