Peder Nilsson Grov
Hopp til navigering
Hopp til søk
Peder Nilsson Grov (fødd kring 1655 i Luster, død kring 1714 i Jostedalen) var frå Nordre Drevdal i Gaupne. Han var son av leiglendingen Nils Nilsson Drevdal (1621-1692) og Synneva Andersdotter.
Peder Nilsson vart gardbrukar og leiglending på Grov i Jostedalen då han kring 1696 gifte seg med Martha Olsdotter. Ho var enkje etter den føregåande brukaren Knut Andersson Grov.
Peder dreiv garden til stesonen, klokkar Ole Knutson Grov fekk overta i 1712.
Peder var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1705-1707, eit ombod Knut Andersson Grov hadde hatt før.
Litteratur
- Øyane, Lars E. Gards- og ættesoge for Luster kommune, band 4: Gaupne sokn. Utg. Luster kommune. Gaupne. 1991. s. 548. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Øyane, Lars E. Gards- og ættesoge for Luster kommune, band 5: Jostedal sokn. Utg. Luster kommune. Gaupne. 1994. s. 874. Digital versjon på Nettbiblioteket.