Per Hermundson Bruheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Hermundson Bruheim (fødd 15. mars 1918, død 22. november 1974) var frå garden Vamberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av bonde og bankkasserar Hermund Nilsson Bruheim og kona Elen. Han gifte seg i Trondheim 20. juli 1950 med Tora Sjursdotter Bakken (1926-1982) frå Sagarøy, dotter av Sjur Larsson Bakken og Agatha f. Yttri (1886-1953).

Per var gardsstyrar på Steig i Fortun i Luster fram til han tok til som kjøpmann på Grimo i Jostedalen i 1949. Han og Tora flytte inn på Bruvoll 2 i Sagarøy i stova som foreldra til Tora hadde budd fram til 1917 (sjå Sagarøy). Dei seg ei tomt hjå foreldra til Tora som budde i Sagarøy (Bukti) der ho var oppvaksen, og i 1958 stod det nye huset ferdig. Per flytte då handelen til Elvetun, eller ’’Per-Bui’’, som òg var bustad. Her vart han og Tora buande livet ut.

Då faren Hermund fall ifrå i august 1962, tok Per Bruheim over som kasserar og bokhaldar i Jostedal sparebank. Dette ombodet hadde òg bestefaren Nils Hermundson Bruheim hatt.

Per og Tora hadde tre born:

  • Harald Bruheim (fødd 1950)
  • Edit Bruheim (fødd 1952)
  • Steinar Bruheim (fødd 1955), fjellførar og dagleg leiar i Jostedalen breførarlag

Litteratur