Sagarøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.

Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.

Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979.

Klokkargarden Øvregarden

Øvregarden sett frå nordaust (Hauglid i framgrunnen).
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Til grenda må òg reknast Øvregarden som ligg på prestegardssida av Sagarøyelvi. Den eldste busetnaden i grenda var her med ein husmannsplass under prestegarden som truleg kan førast attende til 1600-talet.

Jostedal kommune kjøpte i 1896 husmannsplassen Øvregarden som klokkargard, og i 1898 flytte den fyrste læraren og klokkaren, Anders Hjellum, inn. Dei fleste klokkarar i bygda fram til 1965 budde her.

Husmannsplassen Sagarøy

Sagarøy 1: Kring 1811 vart så den eldste plassen på Bakken-sida rydda og bortfest. Under Bakken var det frå før ein plass på Hesjevollen og ein på Mosevollen, så dette vart den tredje husmannsplassen under garden. Jetmund Larsson Sagerøy og Tøger Larsson Kronen fekk i oktober 1811 skøyte på ei sag om Sjur Larsson Bakken hadde sett opp her nokre tidlegare. Jetmund busette seg på plassen med kona Anna og budde her så lenge dei levde (1855/1858). Denne saga må òg vere opphavet til namnet Sagarøy.

Sagarøy 2: Frå 1903 (festekontrakt 1911) til 1922 var det ein husmannsplass til i Sagarøy. På same tomta vart seinare lensmannsbustaden bygt (sjå nedanfor).

Bruvoll: landhandel og kommunehus

Bruvoll 1: Kring 1885 sette Christopher Nitter Larsson Kronen opp ei stove på Bruvoll i Sagarøy der han sette i gang med handelsverksemd. Han og kona Ingeborg dreiv landhandelen til 1907, og då dei drog derifrå, vart huset teke i bruk som kommunehus for Jostedalen med kommunale kontor og lækjarkontor. Stova vart riven i 1952 etter at det nye kommunehuset var teke i bruk. Den gamle stova låg rett nordvest for det nye kommunehuset.

Bruvoll 2: Det stod òg ei anna stove på Bruvoll som kanskje var den stova Christopher Kronen dreiv handelsverksemda si frå. Her budde i alle fall Sjur Larsson Bakken og kona Agatha frå 1907 til det nye huset deira i Bukti var ferdig i 1917. Stova vart nytta som bustad til 1958, frå 1949 av Per Hermundson Bruheim og kona Tora, som var dotter av Sjur Bakken. Etter 1958 vart stova dels nytta som feriehus til ho vart øydelagd av storflaumen i august 1979. Ho låg rett nordaust for det nye kommunehuset.

Bnr. 4 Sagarøy (Bukti)

Heile Sagarøy vart utskild frå Bakken (bnr. 1) den 30.5.1913 som bnr. 4, Sagarøy, oftast kalls Bukti. Den nye eigedomen femnde både om husmannsplassane i Sagarøy, plassen i Halvorsbakken, dei to plassane på Bruvoll og plassane på Mosevollen (fråskild 1923). Eigaren Sjur Bakken (1885-1940) budde på Bruvoll 2 frå 1907 til han flytte inn i det nye stovehuset i Bukti i 1917. Sjur var telegrafstyrar frå 1918 og postopnar frå 1932, og han hadde båe omboda til han døydde i 1940.

Bnr. 13 Elvetun (Per-Bui)

Per-Bui (Elvetun).
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Bruket som har matrikkelnamnet Elvetun (bnr. 13, oftast kalla Per-Bui) vart bygt av Per Hermundson Bruheim. Han hadde teke til som kjøpmann på Grimo og budde med familien i Bruvoll 2 frå 1949. I november 1958 flytte han så inn i det nye huset på Elvetun (matrikulert 11.9.1959) og flytte handelsverksemda si hit. Han døydde i 1974. Huset vert no nytta som sommarbustad for tilsette i Jostedalen breførarlag.

Bnr. 39 Sagarøy

Husmannsplassen Sagarøy 1 var i 1994 ein av fire husmannsplassar i Jostedalen som framleis var i bruk og som ikkje var fråskilde med eige matrikkelnummer. Tunet på bruket er seinare fråskilt (som bnr. 39).

Kommunehuset

Kommunehuset (t.v.) og lensmannsbustaden (t.h.) i Sagarøy, båe frå 1947-49. Bak i midten Sagarøy (bnr. 39).
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Jostedal kommune hadde behov for eit større og meir moderne kommunehus enn det dei hadde på Bruvoll, og 6.7.1942 kjøpte kommunen ei tomt i Sagarøy (bnr. 7, Tingstad). I åra 1947-49 bygde kommunen her nytt kommunehus, og det var i bruk fram til kommunesamanslåinga 1.1.1964. Her var òg lækjarkontor, kontor for Jostedal sparebank og seinar jostedalsfilialen av den fusjonerte Luster sparebank, og bibliotek.

Lensmannsbustad

Endå ein offentleg funksjon kom til Sagarøy i 1947. I 1938 vart Anders Fosøen tilsett som lensmann i Jostedalen. Han og familien leigde den fyrste tida husvære på Grimo. I 1947 flytte dei inn i nybygt hus som stod på tufta der plassen Sagarøy 2 før stod. Tomta vart skild ut 12.11.1966. Fosøen vart den siste lensmannen i Jostedalen. Då han gjekk av i 1965, vart lensmannsembetet lagt under Hafslo.

Bygdesentrum

Mange sentrumsfunksjonar var såleis samla i Sagarøy. Her låg Øvregarden der klokkaren heldt hus frå 1898 til 1965, her var det kommunehus frå 1907 til 1964, telegraf (frå 1918), postopneri (frå 1932), bibliotek, jordmor og lækjarkontor. Ein kilometer i sør låg dessutan kyrkja og prestegarden. Om ein reknar inn Grimo, var det òg landhandel her samanhangande frå ca 1885 til 1960-åra.

Midt i 1960-åra forsvann såleis mange av dei offentlege funksjonane - klokkaren (1965), kommuneadministrasjonen (1964), lensmannen (1965) og handelsverksemda. Det var enno ei tid bankfilial i det gamle kommunehuset (til 1990-åra) og bibliotek (til kring 2000).

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 371-419. (Digital utgåve, NBdigital)