Jostedalen breførarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nigardsbreen med fleire taulag frå Jostedalen breførarlag i aksjon

Jostedalen breførarlag er ei verksemd (skipa 1987) som driv med bre- og fjellføring i Jostedalen i Luster kommune.

Hovudaktiviteten til breførarlaget er breføring i blåisen på nedre del av Nigardsbreen i Jostedalen. Dette har vore den den lettast tilgjengelege brearmen i Noreg etter at Brevegen stod ferdig i 1958.

Kring 20 førarar er i arbeid i hovedsesongen i juli og august. Verksemda held òg brekurs, klatrekurs og alpinkurs, og toppturar frå Fondsbu i Jotunheimen. Eit populært vårtilbod er skituren "Josten (Jostedalsbreen) på langs".

Breførarlaget hadde i 2012 hatt kring 180 000 deltakarar på turar og kurs sidan starten i 1987. Verksemda har sjølv utdanna ei rekkje bre- og fjellførarar gjennom åra, og fleire har seinare starta eigne føringsverksemder. Breførarane er rekrutterte både frå Jostedalen og ei rekkje andre land.

Breførarlaget har sidan 1990 hatt kurssenter og kontor på Bretun, som er den nedlagde Krundalen skule. Breførarlaget vart skipa i 1987 av Steinar Bruheim, Heidi Zimmermann, Thore Stensberg og Arve Tvedt. Dei fire er framleis eigarar av verksemda, og Bruheim er dagleg leiar.

Kjelder