Brevegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Brevegen er ein privat bilveg og ei verksemd i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Vegen er ca 3 km lang og går frå Mjølverbrui ved Nigardsbreen camping i Mjølvergrendi til midt på vatnet framfor Nigardsbreen der det er ein stor parkeringplass.

Initiativet 1945-48

Vegen byrjar ved morena der Nigardsbreen nådde maksimum kring 1748. Utover på 18- og 1900-talet trekte breen seg mykje tilbake og vart mindre tilgjengeleg. Samstundes auka turisttrafikken og etter kvart bilturismen.

Det fyrste initiativet til å få bygt ein bilveg inn til Nigardsbreen, kom rett etter andre verdskrigen. Bjarne Drægni skrieiv i eit brev til Forsyningsnemnda 13. oktober 1946 at "Vi har like sidan før krigen vurdert eit prosjekt om bygging av veg frå Elvekrok til Nigardsbreen, for at turistane skal få kome heilt fram til breen med bil. No er det berre eit fåtal av turistane som kjem bort til breen." Det vart lagt stor vekt på verknadene for heile turistnæringa i Sogn, ikkje minst når det galdt å dra utanlandske turistar til området. Med på planane var kjøpmann Kristen Bakken og Norvald Svedal.

Grunneigarane gav tilsegn både om grunn og dugnadsinnsats, men initiativa 1946-48 stranda på grunn av manglande finansiering. Få hadde tru på prosjektet, og ein fekk berre inn 2500 kr.

Selskapsskipinga 1956-57

Kristen Bakken og Bjarne Drægni tok opp saka att hausten 1956. Då hadde dei i mellomtida fått vegsjef Egil Abrahamsen til å stikke vegen og gje eit overslag over kostnadene. Fylkesmannen slo fast at ein ikkje kunne rekne med stats- eller fylkestilskot, så løysinga var bompengar og aksjeteikning.

Initiativtakarane gjekk dermed i gang med å skipe eit aksjeselskap. På eit møte 28. mars 1957 vart Kristen Bakken vald til formann og kasserar, Bjarne Drægni sekretær og Nils Elvøy og Per Bugge Næss styremedlemer. Arbeidsnemnda skulle teikne aksjekapitalen og førebu skipinga av selskapet. Vegsjefen hadde kalkulert kostnadene med vegen til 20 000 kr.

Aksjeteikninga gjekk tregt i det kapitalfattige Jostedalen. Det enda med at dei største aksjonærane vart entreprenør A.I. Gotteberg som skulle byggje vegen (50 aksjar), Sogn Billag (30) og Jostedal kommune (20). Luster kommune kjøpte ikkje aksjar slik ein hadde vona, så Kristen Bakken drog til industribygda Årdal og fekk der utflytte jostedøler til å teikne seg for 7400 kr (74 aksjar). Dette utgjorde kring ein tredel av den teikna aksjekapitalen på 23 200 kr.

Det førebuande skipingsmøtet var på Nigardsbreen gjesteheim 15. juli 1957, og selskapet A/L Brevegen vart skipa på Tørvis hotell 26. mars 1958. Det var no teikna aksjar for 27 800 kr, fullt innbetalt. Styret vart Hallvard Hesjevoll (formann), Bjarne Drægni (varaformann), Kristen Bakken (kasserar), Egil Abrahamsen og Per Bugge Næss. Også reiselivsinteressene i grannekommunen var såleis tungt inne i styret.

Vegbygginga

Opphavleg var planen å leggje vegen på sørsida av elva, men etter ynske frå grunneigarane vart vegen lagt på nordsida. Anleggsarbeidet tok til på ettersommaren 1957, og alt sommaren 1958 kunne vegen takast i bruk. Selskapet fekk 24. mai 1958 løyve frå Jostedal kommune til å krevje inn bompengar. Det fyrste driftsåret vart Jostedalen råka av fleire flaumar og steinskred som skapte problem for turisttrafikken, men det enda med 477 betalande køyrety og eit overskot på kr 78,79.

Trafikkauke

I 1959 vart trafikken dobla, og selskapet vedtok å utvide vegen med 500 meter for 4500 kr. Trafikken auka jamt år for år, og vegen skulle vise seg å bli ei god investering for aksjeeigarane. I 1961 vart det for fyrste gong betalt ut utbyte. I 1965 var dei totale inntektene på 8525 kr og overskotet på 3383 kr. I 1968 tilrådde styret 10 % utbyte på aksjane. I 1965 betalte selskapet òg for fyrste gong ut løn (til kasseraren) - fram til då var alt arbeid gjort på dugnad.

"Jostedalsrypa"

Tilbaketrekkinga til breen gjorde at ein ny ide kom opp i 1960-åra. Kristen Bakken kasta fram den tanken at selskapet skulle kjøpe ein båt for å frakte turistane frå der vegen stogga og fram til brekanten. På årsmøtet i desember 1971 vart det vedteke å kjøpe ein passasjerbåt, og etter eit par år var alle godkjenningar i orden. Båten med dieselmotor vart kjøpt frå Bjørkes Båtbyggeri i Norheimsund, tok 17 passasjerar og kosta 19 200 kr.

Båten vart døypt 24. juni 1972 og fekk namnet "Jostedalsrypa". Ho vart teken i bruk to dagar etter og vart eit særs populært tilbod. Kristen Bakken og Bjarne Drægni vart no humoristisk omtalte som Jostedalens "Onassis'ar". Fyrste sesongen frakta båten 5166 passasjerar og fekk inn 19 779 kr i billettinntekter - meir enn båten hadde kosta. Same året hadde A/L Brevegen samla inntekter på 40 429 kr og eit overskot på 19 867 kr. I 1974 tilrådde styret å betale ut eit utbyte på 20 % til aksjonærane. I 1976 frakta "Jostedalsrypa" for fyrste gong over 10 000 passasjerar.

Seinare utvikling

Grusvegen kravde etter kvart mykje vedlikehald, og selskapet avgjorde at det skulle leggjast fast dekke. Det vart såleis lagt oljegrus på vegen sommaren 1976. Seinare er parkeringsplassen ved brevatnet utvida, og det er bygt ein bunkers med toalett og lager.

Ein idé om aldri er realisert, er den tanken Kristen Bakken kasta fram seinast på årmøtet i 1977 om å byggje ein stolheis eller gondolbane opp til breplatået.

I 1960-åra stod òg A/L Brevegen bak eit initiativ om å få bygt ein turistveg, Handspikvegen, til Skjåk.

Grunnlag for aktivitetsturisme

Brevegen og "Jostedalsrypa" har gjort Nigardsbreen til den mest tilgjengelege breen i Noreg. Det har vore med på å gjere breen til eit av dei fremste turistmåla på Vestlandet, og det har skapt grunnlaget for ein aktivitetsturisme. I 1967 starta breførarar for fyrste gong opp med faste turar for turistar på Nigardsbreen. Dei fem fyrste åra var det folk frå Oslo som stod bak, og med båten "Jostedalsrypa" i 1972 auka interessa veldig. Sidan då har breførarar frå Sogn drive aktiviteten, og i 1987 vart Jostedalen breførarlag skipa. Seinare har det vore den store aktøren innan breføring på Nigardsbreen.

Kjelder og litteratur

  • Haugland, Gerhard. (1983). A/L Brevegen gjennom 25 år. Gaupne: Luster reiselivslag.
  • Hermund Kleppa: "Brevegen AS - til Nigardsbreen", Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2009.