Kristen Bakken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristen Bakken som ordførar 1946-47.
Kristen Bakken på kontoret.
Foto: Oddmund L. Hoel (2008)

Kristen Bakken (fødd 11. juli 1920, død 10. februar 2014) var kjøpmann i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Foreldra hans var kjøpmann Thor Bakken og Anna Dorthea (Thea) f. Yttri. Farfaren var ordførar Anders Christenson Ormbergstøl.

Kristen Bakken tok i 1941 over som telefonstyrar og styrar av handelsverksemda til faren, og frå 1. januar 1943 var han òg postopnar på Gjerde. Frå 1. januar 1954 tok han over som eigar av handelsverksemda under namnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han dreiv butikken livet ut under namnet Joker Jostedal, som no er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen.

Kristen Bakken var ein av dei viktigaste utviklingsaktørane i Jostedalen i etterkrigstida. Som 27-åring vart han ordførar i Jostedal kommune 1946-47, men har særleg vore viktig for utbygging av infrastruktur og næringsutvikling. Han var den drivande i Jostedal kraftlag frå selskapet vart skipa i 1947 til straumforsyninga var på plass i 1958, som den siste kommunen i Sogn og Fjordane.

Kristen Bakken var òg den drivande krafta bak bygginga av Brevegen fram til Nigardsbreen i 1958, og han hadde ideen om å starte turistbåt på Nigardsbrevatnet i 1972. Desse tiltaka har vore avgjerande for den seinare utviklinga av reiselivsnæringa i Jostedalen. Sist i 1960-åra var han leiande i arbeidsnemnda som var nær ved å få realisert Handspikvegen over til Skjåk.

Kristen Bakken var gift med Johanna f. Svangstu (f. 14. juni 1927) frå Svangstu i Gaupne.

Kjelder og litteratur


Forgjengar:
 Kristian Vigdal 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Johannes Grov