Bakken (Jostedalen)
Bakken | |
---|---|
Bakken sett frå kyrkja med dei gamle sørvende åkrane | |
Alt. namn: | Bache, Bachen |
Fyrst nemnd: | 1611 |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 194 |
Bakken (Luster, gnr. 194) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Jostedal prestegard. I nord grensa Bakken opphavleg mot sameiget i Krundalen, og etter utskiftinga i 1950-åra er det Haugen som eig skogteigen som Bakken grensar mot i nord.
Matrikkelgarden Bakken femner om heile grenda Hesjevollen i dalbotnen på nordsida av Bakken.
Området i Sagarøy i dalbotnen på sørsida av Bakken, høyrer òg til matrikkelgarden. Her låg kommunehusa i Jostedalen frå kring 1885 til kommunesamanslåinga i 1963, lækjarkontor, bank, bibliotek og landhandel. Området var såleis kommunesentrum i Jostedalen.
Bakken fekk bilveg (frå Hesjevollen) til jol i 1975.
Tidligare brukarar
- Lars Andersson Bakken.
- Knut Guttormsen Bakken og Britha Larsdotter.
- Christopher Christopherson Leirdal, gift med Britha, enkja etter den føregåande brukaren.
- Anders Christenson Ormbergstøl
Bruk
I høgda:
- Bnr. 1 Bakken - det opphavlege bruket
- Bnr. 6 Instegarden - fråskild bnr. 1 den 5.10.1933
Hesjevoll/Mosevoll-området:
- Bnr. 2 Hesjevollen - fråskild bnr. 1 den 6.4.1829
- Bnr. 3 Hesjevollen - fråskild bnr. 2 den 24.5.1876
- Bnr. 5 Mosevollen - fråskild bnr. 4 den 27.7.1923
- Bnr. 11 Svabu - fråskild bnr. 2 den 12.8.1955 (sjå Hesjevollen)
Sagarøy-området:
- Bnr. 4 Sagarøy (Bukti) - fråskild bnr. 1 den 30.5.1913
- Bnr. 7 Tingstad - fråskild bnr. 4 den 6.7.1942 - tomt for det nye kommunehuset bygt 1947/49
Det er vidare fråskild ei rekkje tomter.
Husmannsplassar
Det har funnest åtte husmannsplassar og heimar under Bakken. Hesjevoll-/Mosevoll-området:
- Hesjevollen - rydda midt i 1730-åra, plass under bnr. 1, fråskild 1892 som bnr. 2
- Mosevoll 1 (truleg) - rydda kring 1793, plass under bnr. 1, fråskild 1923 som bnr. 5
- Mosevoll 2 - teken i bruk kring 1861, plass under bnr. 1, frå 1913 under bnr. 4 (Sagarøy (Bukti)), slegen saman med Mosevoll 1 ved fråskiljinga i 1923
Sagarøy-området:
- Sagarøy 1 - rydda kring 1811, plass under bnr. 1
- Sagarøy 2 - i bruk frå kring 1903 til 1922, plass under bnr. 1, frå 1913 under bnr. 4
- Halvorbakken - i bruk frå kring 1908 til 1913, plass under bnr. 1
- Bruvoll 1 - teken i bruk kring 1885. Frå 1907 var stova nytta som kommunehus. Det vart rive i 1952.
- Bruvoll 2 (Rusti) - teken i bruk kring 1907, fråflytt 1958. Plass under bnr. 1, frå 1913 under bnr. 4. Huset vart øydelagt av flaumen i 1979 og rive kort tid etter.
Kjelder og litteratur
- Bachen i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 371-419. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Bakken», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane]