Nils Hermundson Bruheim
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nils Hermundson Bruheim (fødd 18. mars 1859, død 13. januar 1935) var frå garden Bruheim i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Foreldrene var Hermund Torbjørnson Nedreli (Breum) (1809-1882) og Martha Hansdotter Gamlestubben (f. 1821).
Han gifte seg 20. juni 1884 med Anna Christiansdotter (1864-1936) frå Espe. Nils og Anna tok fyrst over heimebruket hans på Bruheim før dei våren 1897 tok over Vamberg. Nils fekk skøyte på garden 8. februar 1899 mot å yte kår til den førre brukaren. Her vart dei buande levetida ut.
Nils Bruheim var i mange år kasserar i Jostedal sparebank attåt bondeyrket.
Nils og Anna fekk ti born i lag, mellom anna:
- Marta Nilsdotter Bruheim (1884-1974), gift med gardbrukar Ole Olson Bjørk
- Hermund Nilsson Bruheim (1888-1962), som tok over heimebruket
- Ingeborg Marie (Maria) Bruheim (1892-1946), ugift, lærar i Jostedalen
- Christian Nilsson Bruheim (1898-1967), utvandra til Amerika
- Johannes Nilsson Bruheim (1900-1966), lærar i Lom
- Hans Nilsson Bruheim (1905-1993), utvandra til Canada
- Melchior Schjeldrup Bruheim (f. 1905), lærar i Eidfjord, Kinsarvik, Gausdal og Kongsvinger
Kjelder og litteratur
- Nils H. Bruheim i folketelling 1900 for Jostedal herred fra Digitalarkivet.
- Nils H. Bruheim i folketelling 1910 for Jostedal herred fra Digitalarkivet.
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 466. (digital utgåve, NBdigital).