Berget (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berget
Berget.JPG
Berget frå sør.
Foto: Oddmund L. Hoel (2011).
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 204
Bnr: 1

Berget (Luster, gnr. 204/1) er eit gardsbruk i grenda Fåberg i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Nedre Fåberg, men er øvste garden i grenda og ligg om lag 500 moh. Berget sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.

Husmannsplass

Ole Andersson Berget skal ha vore den som gjekk i gang med å rydde seg ein plass i Fåbergsberget kring 1789, og festesetelen vart skriven 3.6.1793. Berget var då plass under hovudbruket på Nedre Fåberg (bnr. 2).

Fråskild 1829

Berget vart fråskild 25.10.1829 i samband med at sonen til den andre plassmannen overtok. Bruket fekk då ei skyld på 18 merker smør og ¼ bukkeskinn, som var ein fjerdedel av skylda på Nedre Fåberg. Det gamle stovehuset som framleis står i Berget, kan ha vore bygt då plassen vart rydda kring 1790. Eit nytt stovehus vart oppsett ut og ned for det gamle i 1950, og sidan då har det ikkje budd folk i gamlestova. Av andre gamle hus står stabburet som truleg er frå kring 1880.

Restaurering

Jostedal historielag har sidan 1988 hatt ein avtale med eigaren om å ta vare på og disponere det gamle tunet. Laget har lagt nytt tak på stovehuset og gjort jamleg vedlikehaldsarbeid. Det er òg lagt nytt tak på steinfjøsen som stod utan tak. Historielaget har år om anna hatt slåttedagar, grautdagar og andre tilstellingar i Berget.

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61°40′28.05″ N 7°19′51.79″ Ø