Mjølverdalen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Tufta i Røvomn der skulehuset stod.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Mjølverdalen skule (Røvomnen skule) er ein nedlagd folkeskule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem. Krinsen var den nordlegaste i kommunen og femnde om alle heimar i Mjølverdalen (gardane Mjølver og Li) og gardane Elvekrok og Fåberg. Han grensa i sør mot Krundalen krins.

Krinsen var stor i utstrekning med vanskelege veg- og føreforhold. Det vart difor halde skule etter ei turnusordning med 14 dagar i Mjølverdalen og 14 dagar i Fåberg. Denne ordninga stod i ein viss mon ved lag også etter at det vart bygt skulehus.

Skulehuset for krinsen vart bygt på Røvomn på garden Li og stod ferdig i 1891. Den totale kostnaden var 1580 kroner. Amtet dekte halvparten, ein bad om eit lån på 500 kroner frå Jostedal bygdemagasin og dekte resten over kommunebudsjettet.

Skulen og krinsen vart lagt ned i 1968 då den nye sentralskulen Jostedal skuleBjørk stod ferdig. Tidleg i 1970-åra vart skulehuset selt til private, teke ned og flytt til Fåbergstølen der det i dag står som hytte.

Arkiv

Litteratur

  • Øvregard, Kåre (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 316 og 320-321.