Li (Jostedalen)
Li | |
---|---|
Det nye tunet på Nordheim (Sva) med gamletunet i Li i bakgrunnen. Foto: Oddmund L. Hoel (2012).
| |
Alt. namn: | Lidi, Lien, Lid |
Fyrst nemnd: | 1596 |
Rydda: | 650-1020 e.Kr |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 203 |
Li (Luster, gnr. 203) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Dette er den nordlegaste garden på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot grenda Mjølver.
Tunet til det gamle hovudbruket ligg ca 410 m.o.h. Det vart fråflytt i 1940, og hovudbruket har seinare vore Nordheim (Sva) på ca 350 m.o.h. som ligg 250 meter søraust for gamletunet. Hit går det òg bilveg.
På Røvomn i Li låg Mjølverdalen skule. Heimane under Li sokna hit fram til krinsen vart nedlagd i 1968.
Mellomaldergard
Heile Jostedalen hadde truleg fast busetnad i mellomalderern, men Li er ein av få gardar der ein har etter måten sikker dokumentasjon på dette. I samband med Breheimenundersøkingane 1980-81 vart det gjort ei datering av det eldste dyrkingslaget i ei åkerreine på Li. Dersom den eine dateringa er rett, viser ho at åkeren vart rydda i vikingtida (mellom 650 og 1020 e.Kr).[1]
Snøskred
Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen Leteigen vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen Tøgeplassen vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter.[2]
Bruksdeling
- Bnr. 1 Li - delt i to bruk (Lien søndre og Lien nordre) ca 1819-1827
- Bnr. 3 Norheim (Sva) - den tidlegare husmannsplassen Sva - utskild 1910
- Bnr. 4 Leteigen - tidlegare husmannsplass - utskild 1914
Hovudbruket i Li vart fråflytt i 1940 og er seinare drive i lag med bnr. 3 Norheim. I Leteigen har det ikkje vore fast busetnad sidan 1970. Norheim har såleis vore det einaste bruket i Li med fast busetnad sidan 1970.
Husmannsplassar
Det har i alt vore sju husmannsplassar under Li, men ikkje på same tid, og somme berre i eit kortare tidsrom.
- Tuftene - truleg berre i bruk ca 1825-1832
- Endreheimen (Buateigen) - truleg rydda tidleg i 1790-åra, nedlagd kring 1880
- Sva - rydda kring 1880 då husmannen i Endreheimen flytte husi sine hit, utskild 1910 som bnr. 3 Norheim
- Leteigen 1 og 2 - utskild 1914
- Tøgeplassen - rydda 1867, nedlagd 1868
- Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911
Notar
- ↑ Randers og Kvamme 1992, s. 32, jf. Breheimenundersøkingane 1980-84 (Jostedal historielag)
- ↑ Snøskred i Mjølverdalen 1846 og Snøskred i Li 1868 (Jostedal historielag)
Kjelder og litteratur
- Lien i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Lien i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Lien i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- Lien i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Randers, Kjersti, og Mons Kvamme. (1992). Breheimenundersøkelsene 1982-1984. II: Stølsområdene. Arkeologiske rapporter, nr. 15. Bergen: Historisk museum, Universitetet i Bergen.
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 686-716.
- «Li», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Koordinater: 61°39′54″ N 7°17′36″ Ø