Leteigen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leteigen
Leteigen.JPG
Alt. namn: Storekvei
Rydda: Ca 1814
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 203
Bnr: 4

Leteigen (Luster, gnr. 203/4) er eit gardsbruk i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Li.

Anders Nilsson Li (1787-1864) fekk 14. juni 1814 festesetel på Leteigen, som den gongen vart kalla Storekvei. Han og kona Bentha Olsdotter (1790-1863) rydda plassen og budde der levetida ut, frå 1848 som kårfolk. Dei sette opp tunet på plassen kring 120 meter vest for dagens tun.

Eit stort snøskred 11. februar 1846 tok alle husa på plassen. Alle dei seks folka overlevde, men fire av dei fekk brotskadar og skrammer.[1] Same morgonen vart òg husmannsplassen Kleivi under grannegarden Mjølver teken av snøskred.

Tunet vart seinare flytt til nye tufter lenger aust og om lag 70 meter nord for dagens tun. I bygdeboka heiter det at denne flyttinga truleg skjedde etter skredvinteren 1868 då husmannsplassen Tøgeplassen under Li vart råka.[2] Men ulukka i 1846 har vore ukjend i den lokalhistoriske litteraturen, og det er nok meir truleg at flyttinga skjedde då plassen vart bygd opp att etter 1846-ulukka.

Leiteigen vart frådelt Li (bnr. 1) ved delingsforretning 6. juli 1914 og fekk då bnr. 4. Den fyrste sjølveigaren sette opp eit nytt stovehus på bruket eit stykke nedanfor den gamle plasstova, som då vart riven. Den nye stova står framleis på garden. [3]

Det har ikkje vore fast busetnad i Leteigen sidan 1970. Stovehuset vart sett i stand på 2000-talet og er nytta som feriebustad.

Notar

  1. Snøskred i Mjølverdalen 1846 (Jostedal historielag)
  2. Øyane 1994, s. 680
  3. Øyane 1994, s. 671

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 671-672 og 679-682. (Digital utgåve, NBdigital)

Koordinater: 61°39′59″ N 7°18′2″ Ø