Nedre Fåberg (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Nedre Fåberg
Nedre Fåberg.JPG
Nedre Fåberg med steinstova
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 204

Nedre Fåberg (Luster, gnr. 204) er ein matrikkelgard i grenda Fåberg i Jostedalen, Luster kommune. Heimane under garden sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.

Nyryddinga

Garden vart truleg rydda på 1500-talet i samband med koloniseringa av Jostedalen etter øydetida (sjå namnegarden Fåberg). Garden var i periodar på 16- og 1700-talet delt i to bruk og vart siste gongen samla til eitt bruk att i 1755. Det har ikkje vore mogleg å identifisere kvar den andre brukarfamilien heldt til, så dei har kanskje delt på husa.

Steinstova

Det eldste stovehuset på Nedre Fåberg i dag er steinstova, som skal ha vorte oppsett mellom 1803 og 1809. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825) med bror sin Tøger Larsson KrunaKruna om kven som kunne byggja tyngste huset. Rasmus vann klart med steinstova.[1]

Bruk

Nedre Fåberg har følgjande bruk:

  • Bnr. 1, Berget - rydda som husmannsplass kring 1790, fråskild bnr. 2 den 25.10.1829
  • Bnr. 2, Fåberg nedre - det opphavlege bruket
  • Bnr. 3, Horpen - rydda som husmannsplass kring 1795, fråskild bnr. 2 den 5.10.1901
  • Bnr. 4, Torstad - fråskild bnr. 2 den 11.7.1929
  • Bnr. 5, Åreteigen - fråskild bnr. 2 den 11.7.1929
  • Bnr. 7, Brun - rydda som husmannsplass kring 1893, fråskild bnr. 2 den 11.10.1944
  • Bnr. 25, Vidsyn - tomt, teken i bruk 1944, fråskild bnr. 4 den 22.6.1992

Husmannsplassar

Det har vore fem husmannsplassar under Nedre Fåberg:

  • Berget - rydda kring 1790 (festesetel 1793), plass under bnr. 2, fråskild 25.10.1829 som bnr. 1
  • Horpen 1 (Borgund) - rydda kring 1779, plass under bnr. 2, nedlagd før 1865
  • Horpen 2 - i bruk frå kring 1843, plass under bnr. 2, fråskild 5.10.1901 som bnr. 3
  • Grisbakken - rydda kring 1842, plass under bnr. 2, nedlagd kring 1853
  • Brun - rydda kring 1893, plass under bnr. 2, fråskild 11.10.1944 som bnr. 7

Personar frå Nedre Fåberg

Notar

  1. Øyane 1994, s. 690

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital utgåveNettbiblioteket. S. 686-716.

Eksterne ressursar