Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Rasmusson Faaberg

Lars Rasmusson Faaberg (fødd 30. april 1866, død 31. januar 1957) kom frå garden Nedre Fåberg i Jostedalen. Han var son gardbrukar Rasmus Larsson Faaberg og Gjertrud Larsdotter frå Kruna.

Lars R. Faaberg fekk skøyte på heimebruket hjå far sin alt 19. februar 1876, men tok ikkje over garden før i 1888. Den 25. juni dette året gifte han seg med Anna Larsdotter (1868-1956) frå Mjølver. Dei vart buande på Nedre Fåberg levetida ut.

Lars R. Faaberg var ordførar i Jostedalen i to periodar, 1905-1907 og 1911-1922. Både faren Rasmus Larsson Faaberg, bestefaren Lars Rasmusson Faaberg, svigerfaren Lars Tøgerson Kronen og svogeren Tøger Larsson Kronen hadde tidlegare vore ordførarar. I mellomperioden 1908-1910 var det syskenbarnet til Lars, Ole Erikson Myklemyr, som var ordførar.

Han var riksmålsmann og ein sterk motstandar av innføringa av landsmål i folkeskulen i Jostedalen. Etter eit skulestyrevedtak om å ta i bruk lesebok på landsmål, nekta Faaberg dottera si å bruke den nye leseboka. Skulestyret truga med straff etter skulelova, og Faaberg hadde i mellomtida vorte ordførar og bøygde av.[1] Veslebroren, handelsmann Tøger Rasmusson Faaberg, var derimot målmann og sentral i Jostedal mållag frå skipinga i 1906.

Lars og Anna fekk ni born i lag:

  • Rasmus Larsson Faaberg (1888-1924)
  • Lars Larsson Faaberg (1890-1971)
  • Anders Larsson Faaberg (1891-1976)
  • Gjertrud Larsdotter Faaberg (1894-1982)
  • Tøger Larsson Faaberg (1896-1968)
  • Anna Larsdotter Faaberg (1899-1956)
  • Nils Larsson Faaberg (fødd 1902)
  • Johan Larsson Faaberg (1904-1988)
  • Maria Larsdotter Faaberg (fødd 1908)

Notar

  1. Jostedal mållag 100 år (Oddmund Hoel)

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Kristen Andersson Ormbergstøl 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Ole E. Myklemyr 


Forgjengar:
 Ole E. Myklemyr 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Hermund Nilsson Bruheim