Kristen Andersson Ormbergstøl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristen Andersson Ormbergstøl - ordførar i Jostedalen 1897-1904
Julekort frå K. og J. Ormbergstøl til barnebarnet Peder (Per) på Toten: "Per som er vorten so stor og so sver." (1924?)

Kristen Andersson Ormbergstøl (fødd 10. mars 1861 på Ormbergstølen i Jostedalen, død same stad 23. mars 1931) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen (1897-1904). Han var son av Torborg Larsdotter (fødd ca. 1829) og Anders Christenson Ormbergstøl (1829-1917). Faren hadde og vore ordførar, seinast 1884-96. Slektene Ormbergstøl, Kronen og Faaberg dominerte lenge lokalpolitikken i Jostedalen.

Kristen brukte heimegarden Ormbergstølen frå 1882, men fekk ikkje skøyte før i 1912. I eit minneord over han heitte det at Kristen "hev dyrka upp garden sin til mellom dei fremste i bygdi".

I same minneordet går det og fram at han hadde ei mengd politiske verv i Jostedalen, "nytta i mest alt komunalt arbeid ein kunde leggja paa ein mand i ei bygd." Forutan ordførar var han formann i fattigstyret, og medlem av skulestyret var opplysningsmannen Ormbergstøl i omkring 40 år. Kristen Ormberstøl var heidersmedlem av Jostedal mållag, og både der og i ungdomslaget heldt han stadig foredrag om Aasmund Olavsson Vinje.

Kristen gifte seg 1882 med Johanne Kristiansdotter (1863-1954) frå Espe. Dei fekk 13 born. To av dei, Torborg og Kristian, flytta til Toten. Torborg og mannen Edvard Leirdal kjøpte den eine halvparten av garden Skattum, medan Kristian og kona Gunnhild kjøpte den andre. Kristen skal ha vore glad i å farte, så han var ofte over fjellet hos ungane på Toten.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker


Forgjengar:
 Anders Christenson Ormbergstøl 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 L. R. Faaberg