Jostedal historielag
Jostedal historielag vart skipa 24. februar 1949. I §1 i lagslova heiter det at «Føremålet for laget er å ta vare på historiske og kulturelle minne frå Jostedal». Laget dekkjer den tidlegare kommunen og noverande bygda, soknet og skulekrinsen Jostedal i Luster kommune i Sogn. Laget har siden 1994 gjeve ut Luster. Lokahistorisk årbok saman med sogelaga i Hafslo og Luster samt Luster kulturkontor.
I 2019 hadde laget 63 medlemmer. Medlemstalet er relativt stabilt.
Leiarar
- Lars Stølen
- Sigbjørg Sperle
- Aud Fossøy
- Olav Stølen
Hovudaktivitetar
Laget har ansvar for husi, istandsetting og vedlikehold på den gamle garden Berget i Fåberg. Jostedalen historielag har òg flytta eit gamalt skulehus i Krundalen til prestegarden og satt i stand kverna på Nigardsgardane etter storflaumen i 1979.
Vidare har laget koordinert arbeidet med stadnamn i Luster kommune og restaurert den gamle stien mellom Døse og Viva.
Publikasjonar
- Espe, Alfred: Jostedalen : frå istid til sjølveigartid. Utg. Jostedal historielag. 2002. 86 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Fossen, Sverre: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli. Utg. Jostedal historielag. 2009. 58 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Nettstaden til Jostedal historielag.
- Opplysningar frå historielaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av historielag 2019).