Rasmus Larsson Faaberg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rasmus Larsson Faaberg (fødd 25. august 1843, død 22. mars 1922) kom frå garden Nedre Fåberg i Jostedalen. Han var son til lensmann og ordførar Lars Rasmusson Faaberg og Anna Andersdotter frå Leteigen.
Rasmus L. Faaberg fekk skøyte hjå far sin på heimebruket Nedre Fåberg 31. mai 1866, og her vart han buande levetida ut med kona Gjertrud Larsdotter (1838-1913), frå Kruna, dotter av gardbrukar og ordførar Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter.
Faren hadde vore den fyrste med gardbrukarbakgrunn som vart ordførar i Jostedalen (1840-1841), og Rasmus var sjølv ordførar 1870-1874.
Rasmus og Gjertrud fekk åtte born i lag, og seks av dei voks opp:
- Anna Rasmusdotter Faaberg (1861-1861)
- Johanna Rasmusdotter Faaberg (1863-1936), gardbrukarkone på Øvre Fåberg
- Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957), fekk overta heimebruket
- Rasmus Rasmusson Faaberg (1868-ca 1919), utvandra til Amerika
- Anna Rasmusdotter Faaberg (1870-1939), ugift
- Tøger Rasmusson Faaberg (1874-1939), landhandlar, Bjørk
- Maria Rasmusdotter Faaberg (1879-1952), gardbrukarkone på Bergset
- Gjertur Rasmusdotter Faaberg (1882-1883)
Kilder og litteratur
- Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200 (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 694-95. (Digital utgåve, NBdigital)
- Rasmus Larsson Faaberg i Historisk befolkningsregister.
Forgjengar: Lars Tøgerson Kronen |
Ordførar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Andreas Emil Hansen |