Andreas Emil Hansen
Andreas Emil Hansen (fødd 26. juni 1837 på Kongsvinger, død 3. oktober 1919 i Kristiania) var kjøpmannsson. Han vart student 1855 og tok teologisk embetseksamen 10. desember 1861.
Frå 1862 til 1864 var han huslærar hjå presten i Tinn i Telemark. Her gifte han seg 21. mai 1868 med Anna Judith Sørensen (1848-1929), dotter av soknepresten i Tinn.
Hansen kom til å leve eit omflakkande liv som prest. Den 29. august 1864 vart han tilsett som personleg kapellan til Gjerstad i Aust-Agder. Den 8. februar 1868 vart han så utnemnd til sokneprest i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var ordførar i Jostedalen ein kort periode i 1875, siste året han var i bygda.
Den 25. september 1875 vart Hansen utnemnd til sokneprest på Gol i Buskerud. Her var han til han 3. mars 1893 vart utnemnd til sokneprest i Skiptvet i Østfold. I Østfold vart han òg prost i Øvre Borgsyssel prosti. Siste embetet hans var som sokneprest på Nøtterø i Vestfold der han vart utnemnd 8. juli 1896. Han vekk avskil som prest i 1911.
Han og kona Anna fekk i alt elleve born.
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 6. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 337-38. (Digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.
Eksterne lenkjer
Forgjengar: Ole Christian Rasch |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Anton Hansen |
Forgjengar: Rasmus Larsson Faaberg |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Anders Christenson Ormbergstøl |