Tinn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sjå også: Forside:Tinn kommune
Vemork kraftverk, nå Norsk industriarbeidermuseum.
Foto: Siri Iversen

Tinn er ei bygd, ein kommune, eit prestegjeld og lensmannsdistrikt i Telemark. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot telemarkskommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Ein person frå Tinn blir kalla ein tinndøl.

Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Bygda Tinn forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling.


Kommunevåpenet for Tinn.

Geografi, ressursgrunnlag og næringsliv

Gaustatoppen, 1883 moh, rett opp for Rjukan.
Foto: Stig Rune Pedersen

Kommunevåpenet symboliserer kor viktig vasskrafta har vore for kommunen, men dei fem vassdropane står samstundes for dei fem viktigaste elvane med dalføre som munnar ut i Tinnsjø: Skirva i Hovin, Tessungdalen med Tessung-/Austbygdåe, Gauset med Mår, Gjøystdal med Gjøyst og Vestfjorddalen med Måna.

Historie

Monument over dei tre kunstnarbrørne Luraas, kjende som spelemenn og rosemålarar.
Foto: H.P.Hosar

Bygd, prestegjeld, kommune

Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal sokn. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad prestegjeld i 1860.

Tinn prestegjeld besto ved avviklinga av prestegjelda av sokna Atrå (kyrkje frå 1836), Austbygde) (kyrkje frå 1888), Dal (kapell frå 1775), Mæl (kyrkje frå 1839) og Hovin. Rjukan var frå 1948 eige prestegjeld. Tinn kyrkjelege fellesråd består av kyrkjelydene Atrå og Mæl, Austbygd, Hovin og Rjukan.

Som bygdenamn er det vanlegast å bruke Tinn om bygdesokna Atrå, Austbygde, Dal og Mæl, dvs. busetjingsområdet ved Tinnsjøen og oppover dalane derifrå, med unntak av Vestfjorddalen som er dominert av byen Rjukan.

Historisk-administrativ tilknyting

Gjennom historia har Tinn tilhøyrd mellom anna følgjande administrasjonseiningar og embetsdistrikt:

  • Stift/bispedømme: Hamar og Oslo bispedømme til 1631, Stavanger 1631-1682, Kristiansand til 1918, Agder 1918-2005, Agder og Telemark (2005-)
  • Len og amt/fylke: Bratsberg len, Bratsberg amt, Telemark fylke
  • Fogderi: Øvre Telemark
  • Sorenskriveri/domssokn/tingrettsdistrikt: Øvre Telemark austfjellske, Aust-Telemark
  • Tinglag og lensmannsdistrikt: Tinn
Tinn sett fra kommunegrensa mot Rollag.

Utvandring

På 1800-talet vart Tinn kjent for si tidlege og store utvandring til Amerika. Den mest kjende emigranten derifrå er Jon Torsteinsson Rue frå Austbygde (Snowshoe Thompson 1827-1876).

Andre verdskrigen

Hendingar på Rjukan fekk verdshistorisk betydning under andre verdskrig i og med aksjonane mot den tyskkontrollerte produksjonen av tungtvatn ved Norsk Hydros fabrikkanlegg på Vemork i 1943 og 1944. Mange kjende motstandsfolk var fødd og oppvaksne på Rjukan og Tinn. Det gjeld til dømes Jens Anton Poulsson, Knut Haugland og Claus Helberg, som alle tre var med på tungtvassaksjonen. Vidare gjeld det Gunnar Sønsteby, Einar Skinnarland, Halvor Rivrud, Olav Skogen, Leif Nielsen, Rolf Solem, Torjus Aarnes, Knut Berge, Einar Nordgaaard og fleire til.


Kjelder og litteratur