Rasmus Larsson Fåberg
Rasmus Larsson Fåberg (døypt 5. februar 1777, død 9. oktober 1825) var frå garden Kruna i Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Rasmus var son av gardbrukaren og lensmannen Lars Tøgerson Snøtun (Kronen) og Kari Rasmusdotter frå Kruna. Han gifte seg 28. desember 1802 med Martha Olsdotter (1782-1858) frå Grov.
Faren til Martha, Ole Andersson Snøtun, fekk 12. februar 1803 hand om Nedre Fåberg gjennom eit makeskifte og selde same dag vidare til Rasmus Fåberg mot å få kår av garden. Rasmus og Martha vart buande på Nedre Fåberg levetida ut.
Rasmus Fåberg var ein framståande mann i bygda. 18. mars 1814 var han ein av to jostedøler som vart valde til valmannsforsamlinga i Nordre Bergenhus som skulle velje representantar til riksforsamlinga. Den andre var broren Tøger Larsson Kruna.[1] Rasmus var av dei fyrste som skaffa seg røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.[2] I valmannsvalet 21. mai 1820 i samband med Stortingsvalet vart han vald til vararepresentant frå Jostedalen. Valmann var Paul Otteson Mjølver.[3]
Det var Tøger og Rasmus som skal ha tevla om kven som kunne byggje tyngste huset kring 1805, og Rasmus vann med Steinstova (sjå Kruna og Nedre Fåberg). Lensmannsdreng Hans Olson Nedrelid var svogeren hans.
Rasmus og Martha fekk ni born i lag, mellom anna:
- Lars Rasmusson Faaberg (1803-1883), ordførar, lensmann og gardbrukar på Nedre Fåberg
- Kari Rasmusdotter (1805-1875), gift med gardbrukar Ole Sørenson på Berget under Nedre Fåberg
- Siri Rasmusdotter (1807-1875), gift med husmann Rasmus Endreson på Horpen under Nedre Fåberg
- Anna Rasmusdotter (1809-1834), gift med husmann Anders Hansson i Gardshaugen under Nedrelid
- Gjertrud Rasmusdotter (1813-1847), gift med gardbrukar Nils Andersson i Nigard
- Torborg Rasmusdotter (1816-1863), gift med paktar Ole Larsson Faaberg på Jostedal prestegard
- Ole Rasmusson (1819-1903), gardbrukar på Alsmo i Luster
- Tøger Rasmusson (1822-1899), husmann på Horpen under Nedre Fåberg
Notar
- ↑ Val til Riksforsamlinga (Jostedal historielag)
- ↑ Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
- ↑ Valmenn frå Jostedalen (Jostedal historielag)
Litteratur
- Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200 (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Rasmus Larsen i folketelling 1801 for Jostedal prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjon på Nettbiblioteket. S. 693.