Hans Olson Nedrelid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Olson Nedrelid (døypt i Luster 21. mars 1774, død i Jostedalen 2. november 1852) var gardbrukar, lensmannsdreng og spelemann i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Gardbrukar - giftarmål

Hans Olson kom frå Havraberg i Luster. Til Nedrelid (Garden) kom han då han 26.10.1797 gifte seg med Torborg Larsdotter (1767-1834), som var enkje etter den føregåande brukaren. Ho var dotter til lensmann Lars Tøgerson Snøtun og såleis syster til Rasmus Larsson Fåberg og Tøger Larsson Kruna. Hans og Torborg dreiv bruket til eldste sonen hennar tok over i 1811.

Etter at Torborg døydde i 1834, gifte Hans seg opp att to gonger. Han gifte seg 4.7.1844 med Britha Tøgersdotter (1789-1847) frå Nystøl under Bjørk, og deretter den 29.6.1852 med Anna Rasmusdotter (1813-1877) frå Haugen under Leirmo i Luster.

Lensmannsdreng og spelemann

I 1813-14 er Hans Olson oppgjeven å vere lensmannsdreng i Jostedalen. Hans Arneson Urdahl hadde sidan 1808 vore lensmann både i Luster og Jostedalen, så Hans Olson tok seg nok av ein god del av lensmannsarbeidet i Jostedalen. Mellom anna heldt han ein auksjon i Elvekrok i desember 1813 som førte til rettslege avhøyr. Han gifte seg som nemnt òg inn i ei gamal lensmannsslekt i Jostedalen då han kom til bygda.

Hans "var skreddar og spelemann, vert det sagt", skriv Jon Laberg. Det vert stadfest i den same rettsprosessen frå 1814 at Hans Olson òg var ein populær spelemann.

Etterkomarar

Torborg, den fyrste kona til Hans, hadde tre born frå det fyrste ekteskapet sitt med John Larsson Garen (1765-1795):

  • Mari Johnsdotter (1790-1864), gift med Anders Andersson Haugen (1786-1869)
  • Lars Johnson (1792-1864), tok over heimebruket på Nedrelid
  • John Johnson (1795-1828), husmann i Halveg under Nedrelid

Hans Olson hadde fem born frå ekteskapet med Torborg:

  • Ole Hansson (1798-1878), husmann i Halveg under Nedrelid
  • Rasmus Hansson (1801-1886), ugift
  • Anna Hansdotter (1804-1804)
  • Kari Hansdotter (1805-1875), gift med gardbrukar Anders Andersson Ormberg
  • Anders Hansson (1809-1879), husmann i Gardshaugen under Nedrelid

Hans fekk eitt barn frå det siste ekteskapet med Anna:

  • Johanna Hansdotter (1851, framleis i live 1886), utvandra til Amerika

Anna Rasmusdotter hadde tre born frå då ho gifte seg med Hans:

  • Anders Larsson (1836-1927), son av Anna og husmann Lars Andersson frå Myklemyr. Anders vart husmann i Haugen under Høyeim i Luster
  • Rasmus Davidson (1841-1922), son av Anna og husmann Dave JohnsonDaveplassen under Kruna. Rasmus vart husmann på Øyagjerdet under Leirmo i Luster
  • Elisabeth Olsdotter, dotter av Anna og husmannssonen Ole Sølfestson frå Skjæret under Myklemyr. Lagnaden til Elisabeth er ikkje kjend.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer