Hans Arneson Urdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Arneson Urdahl (Hans Urdahl Bringe) (døypt 18. juni 1769, død 21. september 1829) frå Luster i Sogn og Fjordane var gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant.

Foreldre og oppvekst

Urdahl var frå Leri (Lerum) i Luster. Foreldra var lensmann Arne Hansson Lerum (1736-1820) frå husmannsplassen Kjempeneset under Kvale i Luster, og Margrethe Urdahl (1726-1774), dotter av handelsmann Hans Henrik Urdahl (1699-1771) og Anne Sophie Nagel (1712-1774). Han var dermed oldebarn av Hans Henriksen Urdahl (ca 1653-1728), sokneprest i Luster kring 1700.

Hans Urdahl tenestegjorde ei tid i livgarden i København. Han arbeidde seinare på kontoret til sorenskrivaren i Indre Sogn.

Gardbrukar på Bringe og Søvde

Urdahl gifte seg fyrste gong 18. oktober 1794 med enkja Anna Hansdotter (1765-1803) frå Bringe. Han tok då over bruket på Bringe som den tidlegare mannen hennar, Ole Christenson, hadde hatt. Men etter at Anna døydde alt i 1803, gifte Urdahl seg opp att med Metta Torgersdotter (1779-1847) frå Bringe.

Urdahl fekk 8.5.1805 skøyte på eit bruk på Søvde hjå Mons Monsson og flytte hit med Metta. Her vart dei buande resten av levetida. Sonen Hans fekk skøyte på garden i 1826 og tok over drifta i 1829.

Lensmann i Luster og Jostedalen

Urdahl vart i 1807 utnemnd til lensmann i Luster etter faren Arne Hansson Lerum, og han hadde ombodet til han døydde i 1829.

I 1808 overtok han òg lensmannsembetet i Jostedalen, og dette overlet han til sonen Ole Hansson Urdahl i 1816. Hans Urdahl var truleg den fyrste lensmannen for Jostedalen på kring 200 år som ikkje budde i bygda.

Haugianar

Urdahl var ein av dei fremste haugianarane i Luster i lag med Torgeir Næss. Faren, lensmann Arne Hansson Lerum, og heile familien hans slutta seg til Hans Nielsen Hauge då han var i Luster i 1801. Hans Urdahls bror Daniel Arnesen vart ein kjend lekpreikar.

Urdahl var i 1812 initiativtakar til allmugeforeining i Luster, ei avtale som han og 23 gardbrukarar slutta seg til. Føremålet var å få bukt med øydsling i samband med gjestebod og bruken av utanlandske klede. Tiltaket var ikkje religiøst motivert og femnde vidare enn haugianarane, men ein tredel av underskrivarane hadde tilknyting til haugianarane.

Då Urdahl drog til Kristiania for å møte på Stortinget i 1815, tok han med den 18-årige haugianaren Hans Kristofersen Feigum som oppassar. Under dette opphaldet fekk Feigum sjølv kontakt med Hauge og byrja som omreisande lekpreikar.

Stortingsrepresentant

Urdahl vart vald til ein av to valmenn for Luster prestegjeld då det skulle veljast representantar frå Nordre Bergenhus amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i mars 1814. Han vart vald til å vere ein av tre representantar, men var sjuk og vart friteken frå å reise. Peder Hjermann frå Lærdal vart difor bonderepresentanten frå amtet i staden.

Ved valet til det fyrste ordinære Stortinget i 1815 vart Urdahl vald til 4. representant for Nordre Bergenhus amt. Ein av dei andre representantane var gardbrukar Torgeir Næss frå Luster. Stortinget møtte i juli 1815 og sat samla til juli 1816, men Urdahl vart permittert 19. september 1815 på grunn av sjukdom.

Under stortingsvalet hausten 1820 vart Urdahl vald til fyrste vararepresentant for Nordre Bergenhus. Han møtte på den ekstraordinære stortingssesjonen hausten 1822.

Born

Urdahl fekk tre born med Anna Hansdotter og sju med Metta Torgersdotter:

  • Margretha Hansdotter Urdahl (1795-1847), gift (1) med gardbrukar Petter Olson på Havreberg, og (2) med gardbrukar Otto Arneson på Sørheim
  • Ole Hansson Urdahl (1798-1891), gardbrukar på Leri og i Sandviki, lensmann i Jostedalen
  • Arne Hansson Urdahl (1801-1897), gardbrukar i Sandviki
  • Anna Hansdotter Urdahl (1805-1892), gift med gardbrukar Christen Jørgenson på Flikki
  • Metta Cecilie (Cecilia) Hansdotter Urdahl (1807-1836), ugift
  • Hans Hansson Urdahl (1809-1873), tok over heimebruket på Søvde (bnr 3) etter foreldra, ordførar i Luster
  • Anna Sophie Hansdotter Urdahl (1812-1901), gift med gardbrukar Mons Klingenberg Fuhr på Ottum
  • Torgeir Hansson Urdahl (1816-1902), gardbrukar på Søvde (bnr. 2)
  • Sølfest Hansson Urdahl (1819-1878), landhandlar
  • Metta Marie Hansdotter Urdahl (1821-1823)

Kjelder og litteratur

  • Lindstøl, Tallak. (1914). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 1 del 2. Biografier. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 916. Digital versjonNettbiblioteket
  • Tang, Per: Haugianismens barndom i Indre Sogn. Sogns Tidende, 28. mai og 4., 5., 18., 22. og 25. juni 1909.
  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 15-16.
  • Kleppa, Hermund. (2014). Ny kunnskap om Riksforsamlinga på Eidsvoll: Noregs fyrste varamann kom frå Sogn og Fjordane. Årbok for Sogn, s. 52-67.
  • «Hans K. Feigum» i Norsk Biografisk Leksikon

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Lars Tøgerson Snøtun 
Lensmann i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ole Hansson Urdahl